Skuffande tørre
tårekanalar
Yomeddine er meir overflatisk enn rørande.
Beshay (t.h.) som er kurert, har aldri forlate leprakolonien i den egyptiske ørkenen. Då kona døyr, dreg han på leiting etter røtene sine og møter Obama, ein fattig nubiar.
Foto: Dina Emam
Drama
Regi: A.B. Shawky
Yomeddine
Med: Rady Gamal, Ahmed Abdelhafiz
Om du har vakse opp i ein spedalskkoloni på den egyptiske landsbygda, slik som Beshay (Gamal) har, er ikkje oddsa på di side om du vil opp og fram i verda. Men Beshay har ikkje større mål enn å finna att familien som etterlét han der som liten leprainfisert gutunge. På den strabasiøse ferda får han ein blindpassasjer med.
Enkel humor
Det er som ein må lura på om filmen vart til på grunn av hovudrolleinnehavaren eller om dei berre var ufatteleg heldige då dei skulle setja rollane. Det er ikkje berre den fysiske framtoninga til Beshay, han verkar så heime i omgivnadene, som er så genuin. Det same gjeld alle statistane, som gjer at det verkar nesten dokumentarisk til tider. Eg skjønar ikkje språket, noko som alltid gjer det vanskeleg å seia om manus vert framført truverdig. Nokre gongar verkar det overspelt, eller i beste fall noko overdrive regissert. Det gjeld særleg i scener der folk i forbifarten gjer narr av Beshay, som så set opp latterdøra som om det var ein komedie frå femtiåra. Og Yomeddine har faktisk mykje humor i seg, men sånn type snill humor som gjev meg ein liten ettersmak av overberande nedlatenskap. Eller for å leggja godviljen til: som om det er ein slags alvorleg barnefilm.
Trykkfeil
«Alle er forskjellige, men det er utanpå», lærte me i songen. Det kunne også vore undertittelen på Yomeddine. Det vert kanskje litt i overkant dette også, som når Beshay utbryt: «Eg er eit menneske! Eg er eit menneske!» Denne bodskapen vert uttrykt relativt overtydeleg gjennom heile filmen, såpass at i staden for å verka sterk og rørande, kjennest det opplagt og platt. Også dynamikken mellom han og den foreldrelause guten Obama (Abdelhafiz) sit sånn passeleg. Me lyt liksom verta fortalt kor viktige dei er for kvarandre, og dermed vert eg ikkje riven med så mykje som eg vanlegvis vert. Det er som om knappane vert skildra meir enn dei vert trykte på, og det fell ikkje eingong ei enkel gråteperse som eg for.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?