Film
Skrik etter meir oksygen
Livet finn alltid ein veg i Jurassic Park, same kor tynn lufta er.
For den som enno ikkje er lei, er film nummer fem om Jurassic Park på veg.
Foto: UIP
Kor mykje luft kan ein presse ut av Jurassic Park-ballongen? Når femte film i serien er her, blir dommen at ballongen nok er tom.
I sentrum av Jurassic World: Fallen Kingdom finn vi også denne gongen Claire (Dallas Howard) og Owen (Pratt). Lagnaden fører dei atter saman når begge blir hyra inn til å evakuere eit utval dinosaurar. Eit vulkanutbrot trugar nemleg alt liv på øya, og der den føderale regjeringa bestemmer seg for at dinosaurane helst kan døy ut, ser andre sitt snitt til å tene pengar.
Det er lenge sidan T.rex-ar og andre forhistoriske skapningar hadde sjokkeffekt. Vi vil sjå folk springe for livet i møte med dinosaurane. Likevel er desse scenene underhaldande, stødig regissert av J.A. Bayona (The Orphanage). Det er manuset og karakterane som skal ha ein smekk på fingrane.
Karakterbygginga i dei to siste filmane har vore prega av forvirring. Kven er dei? Personane går rundt som vandrande etiske motsetningar som gjer éin ting og meiner noko anna. Problemet blir at filmen aldri kontekstualiserer desse motstridande sidene. I den første Jurrasic Park-filmen forstår vi i det minste at Hammond-karakteren har sett seg blind på sin eigen draum.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.