Film

Skøy og skam i stilig skål

Alkohol vert analysert med humor og mørke i ein knallgod film av Thomas Vinterberg.

Mads Mikkelsen spelar hovudrolla som Martin med bravur og nyansar.
Mads Mikkelsen spelar hovudrolla som Martin med bravur og nyansar.
Publisert

Ein gjeng på fire lærarar prøver seg på det dei trur er teorien til Finn Skårderud, at alle bør ha ein halv promille støtt. Utgangspunktet er at Martin (Mikkelsen) slit med at undervisninga hans er slapp og elevane frustrerte. Kameratane vil hjelpe. At dei får forske og drikke samstundes, gjer det heile til eit kinderegg av eit prosjekt ved første augekast. Men alkoholen er eit tviegga sverd.

Mektig Mikkelsen

Mads Mikkelsen er ikkje superstjerne utan grunn. Han spelar hovudrolla som Martin med bravur og nyansar. Både som gnistlaus og tafatt i byrjinga og seinare som rusa inspirasjonskjelde er han sterk. Kulthelten Thomas Bo Larsen briljerer som den dystraste figuren, ein raus og tørst gymnastikklærar. Heile kvartetten er solid. Saman får dei fram kjenslene i publikum. Lått og tårer sit laust. Glede og sorg blir sterkare med ein dram.

Å feire i fellesskap er stor stas, men lite er meir patetisk enn ein dritings middelaldrande mann som ikkje er i stand til å kome seg heil heim til ein skuffa familie. Konene er perifere i Et glass til, men vi ser kva dei har å stri med. Gjengar av gutar i alle aldrar kan ha ein destruktiv dynamikk, men regissør Thomas Vinterberg har omsorg for figurane sine.

Glasklar kvalitet

Norske Sturla Brandth Grøvlen er eit stjerneskot av dimensjonar som filmfotograf. I Et glass til gyngar kameraet med ein vedunderleg bris. Filmen ser særs bra ut. Det skal produksjonsdesignaren Sabine Hviid òg ha honnør for. Klippen gjev god rytme, og musikken medverkar til driv. Alt er heilstøypt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement