Film
Skjenene skin
Finsk prisvinnar togar stilfullt fram frå stereotypar til djupn i Russland.
Laura (Seidi Haarla) møter tilfeldigvis russiske Ljoha (Jurij Borisov) på toget.
Foto: Mer Filmdistribusjon
Finske Laura (Haarla) studerer arkeologi i Moskva seint på nittitalet. Ho bur saman med kjærasten Irina (Drukarova). På fest lirar omgangskrinsen av seg sitat frå Omon Ra av Viktor Pelevin. Dei lever i ei sky av sigarettrøyk og høg kulturell kapital. Då paret skal reise til Murmansk for å sjå på helleristingar, blir Irina brått heime. Laura hamnar i kupé saman med gruvearbeidaren Ljoha (Borisov). Turen er lang. Laura er god i russisk, men dei er frå kvar sin planet.
Davai
Før toget har rulla ut frå perrongen, reagerer eg på kva for ein enorm klisjé Ljoha er. Han supar vodka, røykjer tett og et pølse medan han lirar av seg patriotiske flosklar om Russland. «Davai, davai», masar han og toppar det med eit sleskt angrep. Oppsynet og faktene skrik fordommar om Russland.
Den strenge konduktøren bidreg til frykta mi for at det har rabla for den friske regissøren eg forelska meg i med Den lykkeligste dagen i Olli Mäkis liv. Men målet hans er neppe å bidra til å teikne eit bilete av rable galne Russland. Stødig og gradvis kakkar han små bitar av sjablongane til bileta blir meir samansette. Hovudpersonen Laura skal få nye innsikter.
Togturen er målet
Sovekupé nr. 6 er ei danningsreise og ein roadmovie på skjener. Historia er ikkje overdrive original, men ho er gjennomført i alle ledd. Filmen driv godt, med god rytme og truverdige vriar. Estetikken overtyder. Tidsmarkørane er fine. Ein får ei kjekk kjensle av å reise med tog i Russland, sjølv om alt er meir på stell no om dagen i dei tradisjonsrike vognene.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.