Skjellsords år og alder
Erik Poppe har nok ein gong laga eit solid krigsdrama.
Gard Bjørnstjerne Eidsvold i rolla som Vidkun Quisling.
Foto: SF Norge
Historisk drama
Regi: Erik Poppe
Quislings siste dager
Med: Gard Bjørnstjerne Eidsvold, Anders Danielsen LIE, Lisa Loven Kongsli, Lisa Carlehed
Kinofilm
Våren 1945: Vidkun Quisling (Eidsvold) vert ført til Møllergata fengsel i påvente av rettssaka etter at andre verdskrigen er over og rettsoppgjeret rullar opp. Det er klart for dei fleste at han ikkje kjem til å sleppa lett unna, og han får oppnemnd ein sjelesørgjar, presten Peder Olsen (Danielsen).
Det er desse samtalane, referert til i dagbøkene til Olsen og kona hans Heidi (Line Kong), som er dramatiserte i Quislings siste dager.
God og vond
Det er ikkje mange personar i verda som er så universelt lite likte at namnet deira blir eit uttrykk for handlingane dei blir hugsa for. Eg blir framleis overraska når eg høyrer engelsktalande kalla nokon ein quisling, nesten sytti år etter at han vart dømd for landssviket sitt.
Quisling har ikkje eingong stor bokstav når nokon brukar namnet som skjellsord. Og det er denne karakteren Erik Poppe har gått i over tjue år og prøvd å knekka filmkoden på. Han har sjølv uttalt at poenget ikkje er å laga noko forsvarstale for Quisling, men at også i vår samtid finst slike maktmenneske som ikkje skyr noko, og som lever med vrangførestillinga om at dei gjer det i namnet til det gode. Ein kan sånn sett raskt frikjenna Poppe for på nokon måte å vera ute etter å frikjenna Quisling.
At menneske som gjer monstrøse handlingar, framleis er menneske, med gode sider, bør me klara å ta inn over oss. Det får meg ikkje til å tenka godt om Hitler at han var glad i hunden sin, men det tvingar meg til å tenka at vondskapen går side ved side med det gode, ubehageleg som det er.
Karakterane
Erik Poppe er ikkje ukjend med krigsfilmsjangeren. Sist gong var det Kongens nei (2016), som eg skildra her i avisa som «levandegjord historie med sterke rolleprestasjonar». Det vil eg også seia om Quislings siste dager.
Gard B. Eidsvold spelar hovudrolla med stor innleving og varme, utan å sleppa av syne stormannsgalskapen og den nærast teflonaktige måten å (ikkje) driva sjølvransaking på. Ekteparet Peder og Heidi Olsen gjev ei fin sidehistorie.
Anders Danielsen Lie som presten kjennest veik og noko umotivert, men no veit eg ikkje korleis Peder Olsen eigentleg var, så kanskje Danielsens vande tilbakelente, uaffekterte stil var perfekt for rolla. Lisa Loven Kongsli, derimot, framstår med eit breitt spekter av kjensler utan å overspela.
Den mest karikerte er nok kona til Quisling, Maria. Svenske Lisa Carlehed har fått den kjipe rolla å måtta knota på både russisk og norsk, og språk er ikkje lett – det har så lett for å bli revyaktig når ein skal kasta på aksentar. Synd å seia, sidan det jo hadde vore vanskeleg å ikkje ha gjort det i dette tilfellet.
Quislings siste dager
Fascinazist
Men Maria er ein fascinerande karakter på mange måtar, til liks med Quisling sjølv. Filmen hadde ikkje teke skade av å vere strammare, men to og ein halv time er samtidig ikkje mykje å oppsummera på. Eg hugsar eg tenkte det same om Krigsseileren (2022), at filmen nesten hadde fungert betre som TV-serie.
Eg synest likevel Quislings siste dager får fram det tittelen lovar. Det skortar ikkje på filmar om andre verdskrigen, men eg synest Erik Poppe skal ha kudos for å ta tak i ein så vanskeleg skikkelse som Vidkun Quisling.
Filmen får i gang nokre tankeprosessar om kva som feilar visse statsleiarar den dag i dag, og det på ein spennande og engasjerande måte, så både samfunnsoppdrag og filmoppdrag må seiast å vera grundig innfridde.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.