Sjarmerande tilstandar
Ein gladfilm om svenske forstader, innvandrarungdom og hemnaksjonar? Just presis!
Regissøren Izer Aliu skildrar ein småkriminell gutegjeng i Sverige.
Foto: Mer Film
Drama
Regi: Izer Aliu
12 bragder
Med: Gorgees Khoshaba, John Hanna, Rudi Abraham, Geggi Barkho
Det er tøffe tider i venegjengen i Södra Ryd. I ein brått oppstått slåstkamp stikk Food/Fuad (Khoshaba) av med halen mellom beina og lèt gjengleiar og kompis Salle (Hannar) ta støyten. For at han skal få innpass igjen, lyt han gjennomføra tolv oppgåver. Og då snakkar me ikkje om hyggelege oppgåver, sjølvsagt.
Knall
Det skal litt til å oppsummera 12 bragder utan at det høyrest ut som ein deprimerande film om svenske tilstandar, integreringsproblem og rotlause unge menn. Heldigvis skal det lite til å gjera den forventninga til skamme. Alt frå starten eksploderer det av frekk humor, sprelsk klypping, perfekt lydspor og ein bad guy som ein berre må elska.
Salle har alle kvalitetar til ein som fører an i dækelskapen – kjapp i replikken, kort i lunta, lojal mot dei han likar, nådelaus mot dei han legg for hat. At det er han som er forteljarstemma, er eit nydeleg sjakktrekk, for det er Food me faktisk følgjer. Feige, tufsete Food som det ikkje er heilt lett å skjøna kvifor får vera med i gjengen, men alle gjengar har ein Food – ein dei kan hersa med, utnytta, som sjølvsagt har ei knalltøff, pen storesyster som har moka vegen for veslebror.
Eg ler
Ein av yndlingsfilmane mine frå då eg var omtrent på alder med karakterane i 12 bragder, var Kevin Smith-klassikaren Clerks (1994), denne svartkvite perla med eit ruskete persongalleri av halvkriminelle, heilsjarmerande ungdomar på ein storkiosk i Forstads-USA.
Eg får tilsvarande gode vibbar her: Likskapane er mange, sjølv om tematikken er hardare – det same er moralen. Eg likar utruleg godt korleis Food stadig må ta oppgjer med seg sjølv ut frå oppgåvene han får tildelt, det er med på å nyansera måten me ser på både Salle, kompisane, familien og miljøet på.
Og så har regissør og manusforfattar lagt inn så mange morosame situasjonar og bipersonar at eg ler høgt. Tidenes mest ulikandes dritsekk må vera Bassam (Abraham), og tidenes mest likandes småtjuv må vera Andy (Barkho).
Guld-Amanda
Sjølv om eg ikkje tvilar på at liknande gjengar og liknande miljø finst den dag i dag, så er det eit behageleg nostalgisk preg over 12 bragder. Handlinga er lagd nokre år tilbake i tid: ikkje alle har kamera på telefonen, ein brukar framleis MP3-spelar, X-Box er ynda tjuvgods. Med nostalgi kjem vedmod, og eg kjenner at eg lengtar tilbake til tida då ikkje alt skulle dokumenterast og delast på sosiale medium.
Manusforfattar og regissør Izer Aliu skildrar på mange måtar si eiga ungdomstid og oppveksten i Sør-Sverige her, noko som kanskje forklarar kompleksiteten, nærleiken og ikkje minst kjærleiken til materialet.
Norsk-makedonske Aliu vann regi-Amanda for Fluefangeren (2017). Med svensk produksjon på 12 bragder kan han definitivt sikta mot den svenske Guldbaggen, det vil vera høgst fortent. Og mest fortent av alt er om folk går mann av huse for å sjå denne fabelaktige filmperla.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
La Cetra Basel framfører J.S. Bachs Messe i h-moll.
Foto: Martin Chiang
Monumentet
John Butt tolkar Bachs kristelege og kunstnarlege credo.
Mmm, nam-nam? Tja, om scobyen ser litt rar ut, så vert den fermenterte tedrikken sett pris på av menneske verda over.
Foto via Wikimedia Commons
Fermentert te breier seg i butikkhyllene – til solide prisar.
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.