Film
Sentimental slakt
Pig kjem til kort som kulinarisk kultfilm med Nicolas Cage.
Rob (Nicolas Cage) bur i skogen saman med grisen Apple, som er god til å snuse fram trøflar.
Foto: Another World Entertainment
Rob (Cage) bur i skogen i Oregon med grisen sin. Grisen er grådig god til å finne trøflar. Stundom kjem ein fyr innom for å kjøpe trøflar av Rob. Slik held han liv i seg. Ein dag blir han angripen av maskerte folk som stel den verdifulle grisen. Rob legg ut på tokt til den kulinariske høgborga Portland for å finne grisen og kanskje få hemn.
Gullbur
Pig opnar med kjekke scener der grisen og Nicolas Cage kosar seg i samspel. Ein anar konturane av ein stillfaren kultfilm. Dette håpet svinn raskt og sikkert. Debutantregissør Michael Sarnoski brukar Cage i ei sentimental smørje. Cage har blitt ein kulthelt dei siste åra med sprø roller som har gjeve han ryet frå byrjinga av karrieren tilbake.
Seint på åttetalet sikra roller i Arizona Junior av Coen-brørne og Wild at Heart av David Lynch popularitet hjå filmnerdar. Seinare spelte Cage i strigla storfilmar, men nerdane fekk hemn då han briljerte i hemningslause Mandy av Panos Cosmatos i 2018. Pig verkar medvite å bygge på dette biletet av Cage som outrert actionfigur, men denne versjonen er veik.
Svinaktig skuffa
Eg veit å setje pris på filmar som går sakte, men her dveler eg meir ved irritasjonsmomenta. Det kryr av dårleg skodespel i biroller. Nicolas Cage verkar heller ikkje inspirert. Dialogen er dels platt, dels pompøs. Ein ser replikkane koma til liks med handlinga. Det overraskar kor lite krut dei har å koma med.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.