Sentimental landevegsfilm frå det segregerte sør
Green Book tar oss på lettbeint og sjarmerande vis tilbake til amerikansk apartheid på sekstitalet.
Mahershala Ali spelar rolla som pianisten Don Shirley. Viggo Mortensen har rolla som italiensk-amerikanaren som vert privatsjåfør for pianisten.
Foto: Patti Perret / Norsk Filmdistribusjon
Komedie / drama
Regi: Peter Farrelly
Green Book
Med: Viggo Mortensen, Mahershala Ali
Green Book er ein lun, liten film som tar for seg eit stort tema med humor og karikerte figurar. Kjernen i historia er eit usannsynleg venskap i det rasedelte USA på sekstitalet.
Den afroamerikanske og høgt (ut)danna pianisten doktor Donald Shirley (Ali) er i beit for ein sjåfør før ein turné til sørstatane. Utkastaren Tony Lip (Mortensen) er ingen openberr kandidat: ein rølpete italiensk-amerikanar med rasistiske utsegner. Men Donald treng muskelkraft langs det farlege sørstatsdeltaet, og det Tony manglar av danning, tar han att på andre felt.
Alt som skjer i Green Book, er synleg på mils avstand. Det handlar om to ting: Donald skal bli ven med sine eigne, og liberal (og naiv) som han er, skal han prøve å endre synet på svarte i sør. Tony, brautande og konstant ute av sitt element, skal bli eit betre menneske og endre sitt syn på svarte. Når filmen verken er subtil eller original og likevel lukkast, kjem det av samspelet mellom Mahershala Ali og Viggo Mortensen. Mortensen er så stereotypisk italiensk-amerikansk maskulin at det blir autentisk og sant; sjølv på sitt dummaste og mest taktlause har han sjarm. Ali, på den andre sida, er den rake motsetninga: Han er nedpå og underspelar nesten. Saman gjer dei jamvel pinlege overdrivne scener etande. Ja visst er det nok Oscar-agn her – Green Book har fem nominasjonar, deriblant Ali og Mortensen. Men i vintermørket kan ein sentimental dramakomedie vere akkurat det ein treng.
Sondre Åkervik
Sondre Åkervik er frilans kulturjournalist og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Komedie / drama
Regi: Peter Farrelly
Green Book
Med: Viggo Mortensen, Mahershala Ali
Green Book er ein lun, liten film som tar for seg eit stort tema med humor og karikerte figurar. Kjernen i historia er eit usannsynleg venskap i det rasedelte USA på sekstitalet.
Den afroamerikanske og høgt (ut)danna pianisten doktor Donald Shirley (Ali) er i beit for ein sjåfør før ein turné til sørstatane. Utkastaren Tony Lip (Mortensen) er ingen openberr kandidat: ein rølpete italiensk-amerikanar med rasistiske utsegner. Men Donald treng muskelkraft langs det farlege sørstatsdeltaet, og det Tony manglar av danning, tar han att på andre felt.
Alt som skjer i Green Book, er synleg på mils avstand. Det handlar om to ting: Donald skal bli ven med sine eigne, og liberal (og naiv) som han er, skal han prøve å endre synet på svarte i sør. Tony, brautande og konstant ute av sitt element, skal bli eit betre menneske og endre sitt syn på svarte. Når filmen verken er subtil eller original og likevel lukkast, kjem det av samspelet mellom Mahershala Ali og Viggo Mortensen. Mortensen er så stereotypisk italiensk-amerikansk maskulin at det blir autentisk og sant; sjølv på sitt dummaste og mest taktlause har han sjarm. Ali, på den andre sida, er den rake motsetninga: Han er nedpå og underspelar nesten. Saman gjer dei jamvel pinlege overdrivne scener etande. Ja visst er det nok Oscar-agn her – Green Book har fem nominasjonar, deriblant Ali og Mortensen. Men i vintermørket kan ein sentimental dramakomedie vere akkurat det ein treng.
Sondre Åkervik
Sondre Åkervik er frilans kulturjournalist og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Isbilar er ikkje noko nytt, men heller ikkje nokon garanti for kvalitet.
Foto via Wikimedia Commons
Isbilen spelar høgt, men taper på kvalitet.
Kor mykje vatn er det eigentleg mogleg å ha i ein iskrem og framleis få han til å likne ein fløyteis?
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.