JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Scener frå ein fransk familie

Familiefesten går ein interessant stad, skjønt heilt utan å forløyse den dramatiske kurva.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Familieidyllen slår snart sprekkar.

Familieidyllen slår snart sprekkar.

Foto: Another World Entertainment

Familieidyllen slår snart sprekkar.

Familieidyllen slår snart sprekkar.

Foto: Another World Entertainment

2509
20200703
2509
20200703

DRAMA / KOMEDIE

Regi: Cédric Kahn

Familiefesten (Orig.tittel: Fête de Famille)

Med: Catherine Deneuve, Emanuelle Bercot, Vincent Macaigne

Ved eit idyllisk sommarhus på den franske landsbygda spring glade ungar ut av bilen medan foreldra ber ut bagasjen og matvarene. Bursdagsjubilanten Andréa (Deneuve) helsar sonen Vincent (Kahn) og familien hans velkommen. Kjærlege kyss og prat om bakst og matlaging følgjer. Den andre sonen Romain (Macaigne) og den nye kjærasten hans er allereie på plass, og heile huset syder av liv. Eit bord ute i hagen blir dekt på, medan tenåringsjenta Emma førebur eit skodespel som bursdagsgåve til bestemora.

Romain er alt i gang med å filme festen under temaet «familie». Desse to metaelementa kviler over den franske dramakomedien Familiefesten, med ikonet Catherine Deneuve i rolla som husmor og bursdagsjubilant.

Kvifor lager du ikkje ein skikkeleg film med historie og skodespelarar, spør Emma onkelen under den påfølgjande lunsjen. Han stotrar fram eit ikkje heilt tilfredsstillande svar, til heile familiens latter.

Familiær ambivalens

I scener som dette er Familiefesten på sitt beste, der humoren spring ut av dei sementerte familierollene. Det er noko tidlaust over ein familie som samlar seg rundt eit bord. Alle har sin plass og sine tilskrivne roller, på godt og vondt. Og regissør Kahn veit å bruke denne ambivalensen til å få fram vittige, men også ubehagelege situasjonar, især i filmens siste del.

Arv og miljø

Håret i suppa er dottera Claire (Bercot) som etter kvart set seg ned ved bordet og skaper uro. Ingen har høyrt frå henne på tre år, men no er ho tilbake, først og fremst for å krevje inn ein arv. Det som først verkar som eit urimeleg krav, har derimot ein melankolsk klangbotn: Claire lånte i si tid pengar til mora og stefaren av den avdøde far sin.

Broren Vincent protesterer sterkt. Andréa prøver å roe konfliktnivået. Der Claire er stempla som «hoppande galen» av resten av familien, er det skuld å spore i andletet til mora.

Når alle set seg ned ved middagsbordet igjen, forsvinn alle planar om ei fredfull feiring. Familieheimen blir eit galehus, med ei skrikande Claire, ei avdempa Andréa og dei andre som står imellom. Dette er kjernen av Familiefesten, ein film som er sterkare i farseaktige augeblikk enn som fullenda drama.

SONDRE ÅKERVIK

Sondre Åkervik er frilans kulturjournalist og filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis