Film

Salige er dei einsame

Debuten til engelske Rose Glass er ein stram skrekkfilm full av stil og stemning.

Heimesjukepleiaren Maud (Morfydd Clark) steller den vidgjetne dansaren Amanda (Jennifer Ehle) som er sjuk og isolert i heimen sin.
Heimesjukepleiaren Maud (Morfydd Clark) steller den vidgjetne dansaren Amanda (Jennifer Ehle) som er sjuk og isolert i heimen sin.
Publisert

Sjukepleiaren Maud (Clark) slutta på sjukehuset etter ei dramatisk hending som enda blodig. No skal ho pleie dansaren Amanda (Ehle), som ligg for døden med kreft i ein liten engelsk kystby etter eit liv med internasjonal suksess. For Maud står trua i sentrum av alt. Amanda tergar med tittelen «min vetle frelsar». Stemninga blir god mellom dei to, men Maud blir snart i overkant oppteken av å verne om Amanda og berge sjela hennar.

Trua aleine

Maud vakar mellom å vere ein stakkarsleg og ein sterk figur. Balansen er fin. Morfydd Clark gjer ei reieleg god hovudrolle. Jennifer Ehle kunne vore dottera til Meryl Streep av utsjånad og mimikk, og gjer ei rolle legenda truleg ville vore nøgd med, som sjuk og ustabilt sjarmerande. Det sosiale spelet og styrkeforholdet mellom dei to gjev spenning. Maud er ein einstøing. Ho er aleine om ho går utanfor dørene. Einsemda verkar bidra til at den veldige trua tek større plass. Det åndelege skapar etter kvart sterk uro. Maud kjenner Gud på kroppen og følgjer han blindt. Det jordlege er lite verdt. Å redde éi einaste sjel gjer heilag. Kjensla er intens.

Frelsa

Saint Maud er ein forfriskande flott film. Utforminga av bileta og spelet mellom skuggar og ljos er utsøkt. Produksjonsdesignen er perfekt. Alt passar med ei tidlaus kjensle, utan anakronismar. Det gjeld det dunkle huset, konservativt innreidd av nokon med høg kulturell kapital, og strandpromenaden med neonljos og vêrbitne britiske pubar. Tonane til ESG og Gang of Four skapar feststemning for Amanda og dei kultiverte gjestane hennar. Originalmusikk av Adam Janota Bzowski gjev sjelfull skrekkfaktor.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement