Sakn og sinne
Hlynur Pálmason er i øvste sjiktet av framifrå filmskaparar frå Island.
Ingvar Sigurdsson spelar hovudrolla i filmen som er Islands kandidat til Oscar for beste internasjonale film i 2020.
Foto: Mer Filmdistribusjon
DRAMA
Regi: Hlynur Pálmason
En hvit, hvit dag (Orig.tittel: Hvítur, hvítur dagur)
Med: Ingvar Sigurdsson, Ída Mekkín Hlynsdóttir
En hvit, hvit dag byrjar med ein biltur i tåke, før vi ser ei mengd tablå av eit hus gjennom årstider. Der spikrar Ingimundur (Sigurdsson), ein sørgjande politimann i permisjon etter at kona er død. Han har heldigvis ofte kjekt selskap i barnebarnet Salka (Hlynsdóttir), men med mistanke om at kona var utru, spinn sinnet mot hemntankar.
Kraft i kamera
Det glisne staden er vêrhard og vakker, men kameraet lèt lett ein betongvegg fylle lerretet med tung stemning medan nokon nemner utsikten. Poetiske tablå av ting og tang speglar mannens minne. Bruk av skjermar og bilvindauge kan sjå til Abbas Kiarostami, men det grunnleggande, menneskelege dramaet slektar meir på Asghar Farhadi, med innbiten islandsk intensitet. Ofte kjem vi tett på andletet til Ingvar Sigurdsson i hovudrolla. Han er eksepsjonelt ekspressiv med få fakter. Unge Ída Mekkín Hlynsdóttir er òg heilstøypt. Dei har frisk dynamikk.
Crescendo
Ingimundur er ein taus mann. Han vil heller byggja hus enn å dele kjensler. Psykisk kan psykologen vera sjølv. Eksperimentelle strykarar fremjar uro. Den stoiske roa brest, og det ballar på seg for barskingen. Regissør Pálmason tar steg frå sin spenstige debut, Vinterbrødre. Han tyr taktfullt til overraskande vendingar, originale visuelle val, mørk humor og sterke kjensler. Filmen er eit solid, stilig byggverk. Gradvis auke i intensitet leier mot eit klimaks som får deg til å halda pusten. Effekten er mektig. Ingvar Sigurdsson er rå. Denne må du sjå.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.
Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.
Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters
Høgt spel i New York
Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.
Frå markeringa av den internasjonale kvinnedagen i Oslo sentrum.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Bollestad sprer myter og faktafeil
Vi må skille mellom hva som skal løses av abortloven, og hva som skal løses andre steder.