Film
Royal fysj
Til å omhandla eit så vondt tema er Dronningen lett å ta inn over seg og ikkje uuthaldeleg å sjå på.

På utsida står alt bra til i småbarnsfamilien til advokat Anne (Dyrholm) og lege Peter (Krepper). Det gjer det eigentleg stort sett på innsida òg, heilt til sonen til Peter frå eit tidlegare ekteskap, Gustav (Lindh), kjem for å bu saman med dei. Sekstenåringen har tilpassingsvanskar, og det same kan ein seia om faren og stemora. Utviklinga herifrå er mildt sagt ubehageleg.
I dei beste familiar
Ubehaget set inn frå stesonen kjem inn i det stilige huset med dei tillitsfulle, fine halvsystrene og all velstanden som symboliserer kor vellukka faren er, og kor utilpass Gustav er oppi det heile. Medan han sjølv har vakse opp med ei einsleg mor, har faren fått eit nytt liv med ny familie som får hans udelte merksemd. Stemora Anne jobbar som forsvarar for barn som har vore utsette for overgrep og vald i familien, ei streng, men rettferdig støtte i livet til mange unge menneske. Det kan jo ikkje anna enn verta konfliktar her, og det kjem til å vera Gustavs «feil». Difor gjer det godt når han utagerer, det lettar på trykket, ubehaget er overstått og restitueringa startar. Hadde det vore så vel.
Heilstøypt
Seksuelle overgrep kan aldri verta ei lett sak, verken på film eller i røynda. Også Jakten (2012) tok for seg temaet, men med anna forteikn, så dei er ikkje redde for å røra ved tabu, danskane. Regissøren el-Toukhy har valt å bruka vakre, men ikkje perfekte menneske. Og om det vanlegvis er menn som forgrip seg på jenter, er ikkje det alltid tilfellet, noko som ikkje vert underkommunisert i Dronningen. Det er lite rom for å tenkja at noko av dette er Gustavs feil, i motsetning til det feilaktige Lolita-stempelet jenter kan få. «Feilen» hans ligg i at han står på vippen mellom barn og vaksen, at han er ein tiltrekkande, flott ungdom, og at han er sårbar. Og overgriparen har etter alle solemerke vore misbrukt sjølv.
Såleis følgjer regissør (og manusforfattar) linja om at misbruk avlar misbruk, noko som gjev det heile eit endå meir deprimerande tilsnitt. At ho lukkast i å laga ein heilstøypt ubehageleg film, er utvilsamt. Ho lukkast også i å laga ein engasjerande, spennande film som heile tida maktar få deg til å lura på om det ikkje er råd å ta til vet på eit eller anna tidspunkt.