Rojal rebell
Vicky Krieps er topp i flott, feministisk og underhaldande kostymedrama med snert.
Vicky Krieps spelar hovudrolla som Elisabeth, keisarinna av Austerrike, som leid under forventingane samfunnet hadde til kvinner på den tida.
Foto: Felix Vratny / Fidalgo
Drama
Regi: Marie Kreutzer
Corsage
Med: Vicky Krieps, Florian Teichtmeister, Katharina Lorenz
Kinofilm
Keisarinna Elisabeth av Austerrike (Krieps) lever eit keisamt liv når ho skal runde førti i 1877. Sterk sosial kontroll pregar tilværet bak fasaden med mannen, keisar Frans Josef I. Venleikstyranniet tyder svolt. Rørsler er under streng kontroll. Ikkje eingong forholdet til borna og oppsedinga får ho styre. Ho lever med tvangstrøye. Heldigvis er ho vrang og skamlaus.
Artig anakronisme
Corsage høyrer til sjangeren av kostymedrama om monarkar der filmskaparen legg meir vekt på visuell og tematisk leik enn på å freista legga fram ei keisam, «sann» historie om den historiske figuren. Det er frigjerande. Musikken bryt med tidsepoken. Den franske artisten Camille klinkar til med mykje stemningsfullt gull.
Elisabeth viser finger som om ho høyrde 2000-talet til. Anakronismane er kjekke detaljar heller enn dominerande trekk ved filmen.
Den austerrikske regissøren Marie Kreutzer har sjølv sagt at om Marie Antoinette av Sofia Coppola er pop, så er Corsage akustisk. Sjølv om Kreutzer ikkje er redd for stilla, har ho laga ein forrykande og feministisk film. Uttrykket er ikkje glatt, men slåande vakkert. Detaljane er delikate. Kalde fargetonar passar stemninga perfekt. Tematikken har rikeleg med tyngde, men Kreutzer balanserer med moro.
Keisarleg Krieps
Den internasjonale stjerna, luxemburgske Vicky Krieps, sprudlar i hovudrolla. Ho har ofte vore det eg har likt best med estetisk flotte filmar med narrative manglar, som Phantom Thread (2017), Bergman Island (2021) og Hélène & Mathieu (2022). Krieps kler keisaruniverset til Kreutzer.
Eg trudde først filmtittelen tydde korsett og såg det som ei treffande blanding av det bokstavelege og det biletlege. At tydinga snarare viser til at Elisabeth er ein bukett som keisarriket kan pynte seg med, passar like godt. Buketten er bygd av ville blomar som ikkje sømer seg, frå seksuell nyting til kvikke kommentarar og fritt ritt til hest. Krieps er knallgod. Det visuelle uttrykket er supert. Ein frekk figur og frisk stil gjer Corsage til ei prisverdig kinooppleving.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.