JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Rik region utanfor radaren

Norske kinogjestar kan tru at Latin-Amerika er ein spe filmregion, med berre éin film på kino i år.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Brasilianske Beatriz Seigner har tatt sterke, stilige val i debutfilmen.

3544
20181214
3544
20181214

Festival del Nuevo Cine Latinoamericano

Havanna 6.–16. desember

Dei som ser mot USA, har kanskje likevel fått med seg at fire av dei fem siste Oscar-statuettane for beste regi har gått til latinamerikanarar, og at fire av de seks siste prisane for beste kamera òg hamna sør for Rio Grande. Beste framandspråklege film gjekk sist til Chile for En fantastisk kvinne. I Havanna kan ein kvart år i desember fråsse i filmane til dette Amerika som spirer frå sør.

Talenta

Roma til Oscar-vinnaren Alfonso Cuarón kjem ikkje på vanleg kino i Noreg, sidan meksikanaren har selt seg til Netflix. Kubanarane følgjer med, så køane var endelause på premieren i Havanna. Då kan det løne seg å sjå på debutantprogrammet for å sjå etter nye talent. Mange er stilsikre. Brasilianske Beatriz Seigner har tatt sterke, stilige val i Los silencios (Stillene), om offer for vald i Colombia. Ein annan brasiliansk debut er Los muertos y los otros (Dei døde og dei andre) av Renée Nader Messora og João Salaviza, som særeigent skildrar krahó-folket. Båe filmar rører seg vart i eit åndeleg felt mellom liv og død.

María Alché frå Argentina har laga ein framifrå første film med Familia sumergida (Senka familie). Utmerkt lyddesign, klaustrofobisk kamera og uklare liner mellom fantasi, draum og mareritt pregar det stundom muntre biletet av ei dame i femtiåra som mistar systera og skal halde familien samla. Jamaldra Nancy i chilenske Enigma av unge Ignacio Juricic Merillán skal på fjernsyn for å finne ut kva som skjedde då dottera døydde. Den tette skildringa av skokken med døtrer og tanter samla i frisørsalongen er staseleg.

Ikona

Programmet er òg spekka med etablerte namn. Den store cubanske filmskaparen dei siste tjue åra er Fernando Pérez. Han har saman med sveitsiske Laura Cazadora laga det heilstøypte historiske dramaet Insumisas (Uregjerlege), om ein sveitsisk lækjar som arbeidde aust på Cuba på 1800-talet. Ho var kledd som mann, stod steilt mot slavedrift og forelska seg i ei utstøytt kvinne. Utsøkt usømeleg, med flott foto og sunt historiesyn.

Den kubanske ballettdansaren Carlos Acosta har ei høg stjerne globalt. Spanske Icíar Bollaín kryssa karibisk histories store motstandshelt Hatuey med boliviansk samtidspolitikk i También la lluvia (Sjølv regnet). Bollaín og Acosta fortel med Yuli historia til den motvillige megastjerna som sprengde skalaen som svart i danseverda til raus respons i Yara-kinoen, omtala som kubansk films termometer.

Andre erfarne europearar har òg filma latinamerikanske ikon. Emir Kusturica følgjer opp Maradona med El Pepe, una vida suprema (Pepe, eit suverent liv), der han solar seg i glansen av verdas kulaste president, Pepe Mujica frå Uruguay, i dagane før han troppar av. Kusturica veit at verdas beste figurar gjer at han ikkje treng stor filmskaping for at folk skal kose seg. Det held. Pepe er ei sjarmbombe. Wim Wenders, på si side, har laga El Papa Francisco, un hombre de palabra (Pave Frans, ordets mann). Eit talerør for ein pave som vitjar favela, fengsel og flyktningleirar for å fremje at ei fattig kyrkje for dei fattige er av det gode, men filmen er slapp. Latin-Amerika har sjølv rikeleg med talent til å fortelje sine eigne historier. Dei burde vi sleppe til på kino.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kubanarane følgjer med, så køane var endelause på premieren i Havanna.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis