Resirkulert robotleikeskrekkfilm
Lars Klevberg kler Child’s Play i ny drakt med dagens frykt.
Den norske regissøren Lars Klevberg står bak nyutgåva av denne skrekkfilmen.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkfilm
Regi: Lars Klevberg
Child’s Play
Med: Gabriel Bateman, Aubrey Plaza
Hollywood driv ombruk meir enn ein hardnakka hippie. Etter Child’s Play i 1988 er det laga ei mengd filmar om den blodtørstige dokka Chucky. I årets omstart får tretten år gamle Andy (Bateman) ei dokke av den ironiske mora (Plaza) med elendig jobb i leikebutikk. Guten er litt gamal for dokker, men einsam og teknologisk nyfiken. Klaging på katten og den kjipe kjærasten til mora får respons hjå Chucky.
Nei, Google
Premissen liknar originalen, men verdsbiletet er nytt. Undertrykte vietnamesiske arbeidarar set saman avansert teknologi til leiker, og alt i heim og samfunn heng saman i himmelen. Dokka gjev lett eit standardscenario for robotapokalypsefilm, som ei jente i filmen poengterer. Filmen frir til oss som synest det er skummelt med sjølvstyrte bilar, eller når folk seier «Hei, Google» og det blir ljos. Kunstig intelligens er vår tids våte draum og verste mareritt.
Ny sprut
Nyinnspelinga er meir brutal. Ungdommen kosar seg med The Texas Chainsaw Massacre 2 i eit klassisk frampeik. Splattertradisjonen er markert med. Blodspruten står. Fortid og nye dynamikkar er sameinte, men noko går likevel tapt. Kontrasten mellom blodbadet og uskulda til seksåringen i originalfilmen var frisk. Den nye dokka er som menneskeliknande robotar anno 2019, altså keitete, men mindre harmlause enn Titten Tei. Menneska fyller rollene sine godt. Aubrey Plaza er god som mor, og Brian Tyree Henry spelar nabo og politi perfekt. Han må få hovudroller no. Norske Lars Klevberg har regien, men med ferdigskrive manus og stort studiomaskineri er den kunstnariske rolla i relanseringa avgrensa. Han verkar passe Hollywood. Tida vil vise kvar han og robotane hamnar.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.
Ein mann med tomlar opp i ruinane i ein forstad sør i Beirut etter at fredsavtalen mellom Hizbollah og Israel vart gjeldande 27. november.
Foto: Mohammed Yassin / Reuters / NTB
Fredsavtale med biverknader
Avtalen mellom Israel og Libanon kan få vidtrekkjande konsekvensar.