Resirkulert boksekamp
Creed II held seg til sportsfilmformelen utan overraskingar eller nye bidrag.
Michael B. Jordan spelar boksaren Adonis Creed, som har den gamle boksestjerna Rocky Balboa (Sylvester Stallone) som trenar.
Barry Wetcher / Metro Goldwyn Mayer Pictures / Warner Bros. Pictures
Action / Drama
Regi: Steven Caple jr.
Creed II
Med: Michael B. Jordan, Sylvester Stallone, Tessa Thompson
Det er tre år sidan Rocky-serien vakna til liv att med Creed, om Apollo Creeds uekte son, Adonis (Jordan), og hans reise inn i bokseringen. Det var ein av dei beste filmane det året, ei hyllest til dei klassiske filmane – framfor alt Rocky I – samtidig som han staka ut eit nytt og interessant univers. Indie-regissør Ryan Coogler, i år aktuell med Marvel-filmen Black Panther, tok rase og klasse inn i sportsfilmformelen på framifrå vis. Han nytta sportsklisjeane som ein metafor for angst: ein ung mann på søking etter farsarven og familierøter han må gjere seg fortent til gjennom hardt arbeid.
Indre kamp
I starten har Adonis ein godt betalt kontorjobb i Los Angeles, men blir trekt mot bokseringen. Coogler nytta dette til å bryte ned motsetningar: Adonis er svart, men frå privilegerte kår. Han er kvitsnipparbeidar, men vil bli boksar – ein fattigmannsidrett. Han dreg til Philadelphia for å finne Rocky (Stallone), som til slutt går med på å trene nykomlingen. Som i den første Rocky-filmen handla Creed ikkje så mykje om å knuse ein vond rollefigur – tenk Ivan Drago og Sovjet i Rocky IV – som den indre kampen til Adonis: Han vil bli ein betre boksar for å finne seg sjølv.
Uklar kamp
Creed II slår ikkje like godt frå seg. Coogler er ute av regissørstolen, og inn kjem eit ukjent blad: Steven Caple jr. Han satsar på ein kumulativ effekt frå dei føregåande filmane. Personane er ikkje like heile og samansette som i Creed eller Rocky I. Passande nok er filmen då meir i slekt med Rocky IV, som tok filmserien til eit altfor karikert nivå. I Creed II blir nemleg Adonis utfordra av sonen til Ivan Drago, Viktor. Drago-klanen vil hemne tapet for 30 år (!) sidan. Rocky ber Adonis om å avvise utfordringa, ettersom Adonis alt er nyslått tungvektsmeister. Likevel takkar han ja til duellen.
Problemet med denne historia er at ho aldri kjennest gjennomarbeidd: Motivasjonen Adonis har for å gå i ringen mot Drago, er uklar. Creed II er langtekkeleg – over to timar – men ror seg i hamn mot slutten: Treningsmontasjane, meister–elev-tilhøvet, musikken – klimakset sit som eit knyttneveslag i mellomgolvet. Creed II er for sentimental og emosjonelt manipulerande til å nå høgdene til forgjengaren, men held serien levande.
Sondre Åkervik
Sondre Åkervik er frilans kulturjournalist og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Creed II slår ikkje like godt frå seg. Coogler er ute av regissørstolen, og inn kjem eit ukjent blad: Steven Caple jr.
Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.