Film
Rekviem for eit sosialdemokrati
Noko er pill rote i det polariserte kongeriket Danmark.
Den 19 år gamle Zakaria (Mohammed Ismail Mohammed) vert involvert i ein radikal organisasjon der han vert kjend med Ali (Zaki Youssef).
Foto: Storytelling Media
Etter eit terroråtak er dansk retorikk i 2025 aggressiv mot alle med «annen etnisk herkomst». Zakaria (Mohammed) er ein dansk nittenåring med irakiske foreldre som er lei av korleis sånne som han blir handsama. Alvorlig lei. Under leiing av gamle Hassan skal Zakaria og erfarne Ali (Youssef) myrda Martin Nordahl (Bjerg). Han leier Nasjonalbevegelsen, eit høyreekstremt parti på veg mot valsiger. Historia hoppar snart til spionasje og sjølvransaking i denne nasjonale sjukemeldinga.
Danske tilstandar
Konteksten er sett på spissen, men regissør Ulaa Salim debuterer med ein film om Danmark i dag. Det er ein ambisiøs film med hjarta. Eit sinne spring ut frå sosiale og politiske problem. I filmen blir høgreekstreme stadig meir stovereine og glir inn i det etablerte politiske landskapet. Når alle rettar auga mot islamistisk terror, hamnar dei valdelege miljøa som dei framstormande politiske rørslene har røter i, i ei blindsone. Rasistisk hatkriminalitet blir daglegdags. Minoritetar svarar i desperasjon. Som Zakaria seier: Dette har ikkje med Allah å gjere. Det handlar om omfattande rasisme, sosialt svik og krigshandlingar. Danmark var som kjent særs viljuge til å invadere Salims heimland Irak i lag med USA. Likskapar mellom dei yttergåande miljøa er tydelege. Polarisering fordummar.
På randa
Sønner av Danmark er mørk. Vi ferdast i skuggesoner, noko ljossettinga reflekterer. Ulaa Salim smør på. At alarmlampene kan gå for det danske sosialdemokratiet er greitt, men i filmforma likar eg atterhald. Mozarts rekviem rungar i opninga og signaliserer sterk lut og store dimensjonar. Mange scener er stillferdige og nokre intime, men realismen gjev ofte etter for melodrama. Sakte film og strykarar skal med.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.