Psykologisk horror
Hereditary er sterkast som ein thriller om traume.
Grunntonen i filmen er trykkjande klaustrofobisk, skriv Sondre Åkervik.
Foto: Norsk Film Distribusjon
Horror
Regi: Ari Aster
Hereditary
Med: Toni Collette, Gabriel Byrne, Alex Wolff
Opningsskotet i Hereditary er eit varsel om at det vi skal sjå, kanskje ikkje er heilt verkeleg. Kameraet glir sakte inn på eit dokkehus og vidare inn på eit soverom der ein figur ligg i senga. Saumlast er vi over i den «verkelege» verda, i det ein mann (Byrne) går inn på soverommet til sonen Peter (Wolff). Bestemora er død. Heile familien skal i gravferd. Er det eit kammerspel vi skal sjå?
Ikkje heilt, men mykje av grunntonen i filmen har denne trykkjande klaustrofobien som kjenneteiknar kammerspel. Regissørdebutant Ari Aster har laga ein film som skal få deg til å grøsse, men vil heldigvis lenger inn i menneskepsyken. Det smarte med Hereditary er måten Aster har bakt ei forteljing om sorg og sinnsliding inn i eit ganske så konvensjonelt skrekkfilmplot på.
Sakte spenning
Framfor frenetisk redigering og klipping mellom scenene veit Aster å byggje opp spenninga sakte. Hereditary er ein film som heile vegen prøver å modulere stemningar. Til liks med ein nestor som Ingmar Bergman ser Aster også ut til å ha ein sterk forkjærleik for andletet til folk. Gjentekne gonger går kameraet tett innpå andletet til Annie (Collette), mor i familien og hovudpersonen i filmen. Ikkje berre må ho takle at mor hennar har gått bort, men snart hender det også forferdelege ting med dottera.
Colletes rolletolking balanserer hårfint på grensa til overspeling. Det forskrekka andletsuttrykket hennar kler dei mest openberre skrekkscenene. I dei meir subtile, nedtona scenene blir ho for mykje. Collette manglar Isabelle Hupperts evne til å uttrykkje store kjensler med små nyansar. Av di ein Huppert-rollefigur avslører så lite, blir vi også fengsla og fascinert av henne – vi prøver å forstå henne.
Røyndom og draum
Djupast inn i psyken til Annie kjem vi når filmen går inn i marerittliknande landskap der skiljet mellom draum og røyndom blir oppheva. På dette umedvitne nivået er Annie for første gong i kontakt med traumet ho aldri har tatt tak i. Kven var mora? Kva gjorde ho med familien, og korleis har mora påverka tilhøvet Annie har til sine eigne barn?
Det psykologiske dramaet som ligg til grunn her, skapar ein kreativ, original skrekkfilm. Mot slutten må likevel psykologien vike for det overnaturlege og spirituelle. Det gjer den endelege forteljinga tynnare enn ho hadde trunge å vere.
Sondre Åkervik
Sondre Åkervik er student, skribent og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.
Foto: Lina Hindrum
Fadesar og fasadar
Roboten blir til mens vi ror.
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).
Foto: Ole Martin Wold / NTB
I rykk og napp
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.
Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.
Foto: Wildside
Roma – ein lukka by
Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.
Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Ja til skule, nei til studentfabrikk
Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.
Ragnar Bjerkreim har teke utgangspunkt i Josef-forteljinga i 1. Mosebok. Prosjektet tek for seg flukt, emigrasjon og folkevandring til ulike tider og på ulike kontinent.
Foto: Gry Monica Hellevik
Gjennom byar, under bru
Ragnar Bjerkreims Stjernesti famnar breitt, med mange røyster og opne landskap.