Film
Perspektivrikt blodbad
Ein gedigen serie skildrar den spanskleia veltinga av Aztekarriket med varierte vinklar.
Serien tek for seg livet til Hernán Cortés, som på 1500-talet erobra det som skulle bli Mexico.
Foto: NRK
Den meksikanskspanske serien Hernán tek namn frå Hernán Cortés (Jaenada), som stod bak den spanske invasjonen av Aztekarriket i 1519–1521. Tittelen gjev frykt for ei reinspikka heltehistorie. Heldigvis har serien meir å by på.
Demonportar
Episodane har struktur som filmen Demonenes port (Rashomon) av Akira Kurozawa med kvar sin hovudperson. Historia ser forskjellig ut, avhengig av kven som fortel ho. Den skrivande soldaten Bernal Díaz og krigarleiaren Xicohténcatl frå Tlaxcala slepp til. Brutaliteten var demonisk hjå alle. Den spanske massakren i Cholula er like barbarisk som menneskeofring.
Første episode følgjer Malintzin eller Marina (Baustista). I Mexico er ho kjend som La Malinche, nærast ein quisling. Ho hadde ei viktig historisk rolle, spesielt som tolk. Sjeldan gjev seriar så mykje tyngde til språk. Skodespelarane har fått opplæring i gamal náhuatl og yukatansk maya, aldri tulleaksent frå Hollywood. Produsentane har arbeidd med forskarar og primærkjelder.
Selskapet som laga spesialeffektar for Game of Thrones, sikrar at arkitekturen spanjolane raserte, ser bra ut. Alt det visuelle er imponerande – frå klede til natur. Stilen er kjend og smertefri om ein toler melodrama og blod. Hopp i tid og stad er tydeleg merkte, men kjem ofte. Blodige kampscener får avveksling av fleire sexscener enn forteljinga krev.
Brei usemje
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.