Personleg, politisk
Regissøren har ein klar posisjon i ei brei, grei oppsummering av Giske-saka.
Trond Giske på valkampturné
Foto: UpNorth Film
Dokumentarfilm
Regi: Håvard Bustnes
Trond Giske – Makta rår
Med: Trond Giske, Tone Sofie Aglen, Sunniva Andreassen
Kinofilm
Etter sjarmerande Opprørske oldemødre og imponerande Hatets vugge er dokumentarfilmskaparen Håvard Bustnes heime igjen. Han har følgt Trond Giske på signingsferd året etter at dei første varsla kom mot politikaren.
Humpete tur
Filmen er ein berg-og-dal-bane der saka stadig tek nye vendingar. Samtalar i bilen er prega av at Giske set grenser. Han vil ikkje snakke om den sentrale saka. At dei to knapt vil vere i lag, gjev ei spent stemning som snakkar om debattklima i større skala.
Bustnes vil vise publikum at han er uroleg for å vere eit talerøyr for reisefølget. Tydelege forklaringar av forteljarstemma i tillegg til synlege mikrofonar og kamera skaper avstand. Utstyret kommenterer òg at politikken er sett i scene. Klipp og struktur viser at regissøren tek seksuell trakassering på alvor.
Hell Amfi
Det gjer ikkje Giske. Og han er ikkje åleine. På kjøpesenter etter kjøpesenter frå Hell til Honningsvåg er støtta heilhjarta frå den eldre garden. Dei er mange som ikkje forstår maktbruk og overtramp. Det må nye stemmer til for å avsløre infernalsk dynamikk.
Scena der heile Trøndelag AUF marsjerer ut av årsmøtet i protest, grip, i likskap med vitnesbyrda frå varslarar. Ei mengd relevante politiske kommentatorar og journalistar kjem med god innsikt og oversikt.
Visuelt er filmen vanleg, med intervju og klipp frå nyhende. Breidda, perspektiva og ein reflektert regissør gjer at Trond Giske – Makta rår ikkje berre er ein ny episode av Vårt lille land, men eit solid samandrag av ei sak som seier mykje om politikk her til lands.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.