Film

På veg mot døden

Gaspar Noé går dystert til verks i ein vellukka, kravstor film om demens og død.

Eit eldre ektepar putlar med sin daglege dont i Paris. Han (Argento) vil skrive bok om film og draumar, og ho (Lebrun) er kraftig prega av demens.
Eit eldre ektepar putlar med sin daglege dont i Paris. Han (Argento) vil skrive bok om film og draumar, og ho (Lebrun) er kraftig prega av demens.
Publisert

Eit eldre ektepar putlar på med sin daglege dont i Paris. Han (Argento) vil skrive bok om film og draumar, og han verkar vere ein ringrev frå filmbransjen. Ho (Lebrun) har arbeidd med psykiatri, men er no kraftig prega av demens. Rett som det er, snik ho seg ut av heimen. Han trålar nabolaget for å finne henne att. Sonen (Lutz) har sitt å stri med, men freistar hjelpe. Alle slit.

Nådelaus Noé

Gaspar Noé har ei mor med demens og fekk sjølv hjernebløding. Dette og skrinne kår for ekstravagante filmar under pandemien har fått han til å lage ein film som skil seg skarpt frå dei sensasjonelle eksessane han er kjend for. Vortex er korkje ein hemningslaus fest, som Climax (2018), eller ei daff jakt på kontroversar, som Love (2015). No har han brukt stramme rammer effektivt. Romma er klaustrofobisk tronge. Splitta lerret forsterkar kjensla og skapar avstand mellom menneska, sjølv når dei er i same rom. Som i Lux Æterna (2019) gjev dette ei kaotisk kjensle. Ein mistar oversikta når ein får fleire perspektiv.

Françoise Lebrun er glitrande som ei med ein solid dose demens. Frykt og forvirring flimrar i augo hennar. Dario Argento fungerer flott som åttiåring som slit mellom truskap, kjærleik og kunstnariske ambisjonar. Den famlande fransken til italienaren er midt i blinken. Den legendariske regissøren utgjer eit eige metaaspekt, spesielt når han mistar pusten og fargane brått minner om filmen han sjølv regisserte, Suspiria (1977). Film er eit tema. Veggane er fulle av filmplakatar, og at filmar av Jean-Luc Godard går igjen, er ikkje tilfeldig. Kanskje siktar Noé òg mot aukande grad av sjølvmedvitne formeksperiment.

Inn i tomrommet

Figuren til Argento er opphengd i at draumar er perfekte for kino, men filmen vi ser, blandar daglegdags realisme i blast ljos med medisinsk og emosjonelt mareritt. Vi får kjærleik og omsorg, ja, men mest sorg på ein sakte veg mot undergangen. Noé er kompromisslaus. Han skildrar på ingen måte ein søt solnedgang. Denne reisa er ein vond virvel ein ikkje kjem seg ut av.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement