På pakketur
Det tradisjonsrike og preglause Syden er motiv for ei mengd filmar.
Tre tenåringsjenter reiser til Syden for å finne ut korleis det er å ha sex, i filmen til regissør Molly Manning Walker.
Foto: Mubi
I varme land verda over kjem folk på pakketurar for å nyte sol og sommar. Frå eit norsk perspektiv er rusrike turar til ulike land rundt Middelhavet prakteksempelet.
Nokre seinare eksempel frå Storbritannia er røyndomsflukt i Morvern Callar av Lynne Ramsay frå 2002 og barndomsminna i Aftersun av Charlotte Wells, som tok folk med storm på kino i fjor.
«Det er på filmfestivalar nytt blod først kjem til syne.»
Synd i Syden
How To Have Sex av Molly Manning Walker går såleis inn i ein rik sydenfilmtradisjon. Filmen er ein stilig og tidsriktig film som fengjer. Tre britiske tenåringsvenninner er på charterferie i Hellas. Der skal det drikkast som om ein er fulle britar i Syden, som dei òg er. Ein heil del, altså.
Sex er sjølvsagt sentralt. Strålande Mia McKenna-Bruce spelar Tara, som har eit massivt mål: å få slutt på sin status som jomfru. Regissøren har sagt at ho har som mål å endre nett korleis vi har sex. Det gjer ikkje filmen til ein platt didaktisk pamflett. Langt, langt ifrå.
Her finn vi nyanserte figurar, spenning og nydeleg stil. Neonljos, supre kostyme og dårleg stil i rik mon løftar biletet av levande menneske ein kan kjenne igjen. Mange vil nok seie at skildringa er smertefullt kjend frå eigen ungdom. Temaet er heitt nok til at Tiff har ein eigen seksjon som har namn etter filmen.
Malaysisk mensmoro
Manning Walker er ikkje den einaste debutanten som lukkast i å lage underhaldande film om forventingar og forviklingar knytte til kjønn og seksualitet. Eg skildra sjølv Tiger Stripes av Amanda Nell Eu frå Malaysia som ei kjekk blanding av skrekk og komedie etter premieren i Cannes førre sommar. Grøssarelementa er meir morosame enn skumle, men estetikken underheld på ulike nivå. Å ta turen til framande mytefelt er i seg sjølv fascinerande. Nell Eu får naturleg mykje ut av små ressursar. Her òg skaper kostyme og rekvisittar ei visuell verd du med glede nyt i nitti minutt i kinosalen.
Som hjå Manning Walker er dynamikken mellom unge venninner drivande i forteljinga. Alle har sine mål og grenser. I Tiger Stripes er ein tolvåring som får mensen og ikkje vil la seg kua, skummel nok for dei dominerande figurane i bygda og på skulen.
Det truande i ein jentekropp i endring som ikkje lèt seg kontrollera, passar perfekt som motiv i ei forteljing om sosial kontroll og fridom. Stilen til Nell Eu er midt i blinken for føremålet. Ho vil vonleg gje oss fleire malaysiske filmar framover.
Det lønner seg å sleppe nye stemmer til. På filmfestivalen i Tromsø la Talent Norge og MerFilm fram si satsing med Sparebanken i nord. Frå scena snakka talenta om sin kjærleik til sjangerfilm. Både kroppsskrekk og samisk kvardag var favorittar vi kan forvente å få sjå filmar om i framtida. Det er på filmfestivalar nytt blod først kjem til syne. Takk og pris for at nokre av dei nye stemmene når kinolerreta elles i landet.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.