JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Oslo aust 2.0

Jon Haukeland held fram med stilsikker dokumentasjon av livet for trøblete gutar på austkanten i Oslo.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ungdomsarbeidaren Berat får i oppgåve å berge ungguten Mamo frå eit kriminelt nettverk.

Foto: Medieoperatørene

2586
20221007
2586
20221007

Dokumentar

Regi: Jon Haukeland

Krigere

Med: Mamo Erkmen, Berat Jusufi
Kinofilm

Mamo er ein villstyring. Han er femten år. Heimen er ikkje ein verande stad. Han har eit korrekt rykte på seg på Stovner for å vere involvert i dop og slåstkampar. Berat var ein villstyring. No er han miljøarbeidar. Mest ser han likevel på seg sjølv som kompis for gutar som Mamo. Berat forbarmar seg over guten, som han ser mykje av seg sjølv i. Dei to har eit nært forhold.

Metoden

Dokumentarfilmregissøren Jon Haukeland held seg til stil og tema frå Barneraneren (2016). Grensene mellom fiksjon og dokumentar er glidande. I Krigere spelar folk seg sjølv. Handlinga er basert på intervjua Haukeland har gjort med Mamo og Berat. Dei freistar setje i scene eigne minne med hjelp av andre aktørar frå Nav, barnevern og politi. Alle er seg sjølve. Orienteringa av publikum kjem i klartekst i byrjinga.

Dei meir spennande scenene i Barneraneren var kanskje grundig regisserte, men òg effektfulle. Mogelegvis gjer den klare meldinga i opninga meg meir medviten om spelet. Kor som er kjennest skodespelet stundom stivt. Vil eg berre bli lurt? Metoden er uansett tydeleg og god. Eksplisitt sjangerblanding er jo på eit sett det som ligg nærast sanninga.

Miljøet

Ein annan tradisjon Haukeland held i hevd, er å samle folk nokre år etter sist møte. Reunion – ti år etter krigen (2011) var eit glitrande prosjekt med å samle serbarar og kosovoalbanarar eit tiår etter at dei stod væpna mot kvarandre. No vender han tilbake til Oslo aust og unge gutar som fort fell utanfor.

Mamo er med i den mest spektakulære scena i Barneraneren, ei bilscene der gutane blir stogga av politiet. Eit kjapt klipp er god nok påminning for oss som har sett forløparen, men Krigere står fint på eigne bein. Vi får innsikt i sosiale og systemiske strukturar. Det er lett å engasjere seg i frustrasjonane til Mamo, men filmen er på sitt beste når vi går meir i djupna om historia til Berat. Han er i klem mellom lojaliteten til Mamo og reglar han sjølv ikkje alltid synest er rettferdige.

Ein tur til Gol og tilbakeblikk til oppveksten Berat hadde der, er rørande og opnar augo våre. Ein får kjensla av å komme skikkeleg på innsida. Jon Haukeland har skaffa god tilgang til og skildrar miljøet med respekt og ærlegdom. Han er framleis ein relevant og dyktig dokumentarfilmskapar å rekne med.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis