Film

Oskegrått

Orsak meg, mens eg surmaga ikkje lèt meg sjarmera.

Galne, rike asiatar morar ikkje meldaren.
Galne, rike asiatar morar ikkje meldaren.

Komedie

Regi: Jon M. Chu

Crazy Rich Asians

Med: Constance Wu, Henry Golding, Michelle Yeoh

Oskepott har kome i asiatisk utgåve, og kongeriket er rikare enn nokosinne.

Biavsmak

Det mest interessante (og skremmande) med Crazy Rich Asians er at denne godhjarta eventyrfilmen hoppar bukk over alle mildt sagt tvilsame baksider av skinande medaljar som kjem i kjølvatnet av rikdom. Og sidan me ignorante vestlege filmsjåarar berre har eit forhold til asiatar på ein særs overflatisk og ofte nedlatande måte (med unntak av Bruce Lee), sparkar denne filmen inn bakdørene så det syng i dei. At dei snakkar engelsk, får så vera, Singapore er i all hovudsak engelsktalande, men om resten er ein indikasjon på kor vestifisert Austen er i ferd med å verta, så grøss! Så i kor stor grad skal fullstendig absurd overflod koma i vegen for å kosa seg med ein film? Eg slit.

Singarich

Oskepott-historier kjem og går, og denne er slett ikkje verre enn dei andre. Det vert også slått eit slags slag for feminisme, noko som heldigvis blir meir og meir vanleg også i kommersielle filmar. Så det øydeleggjande for meg er vissa om kor inni svarte urettferdig verda er, og kor ekkelt langt oppe på lista over menneskerettsverstingane Singapore er. Ja då, kall meg gledesdrepar, men det kan faktisk ikkje stå usagt. Madonna-hiten «Material Girl» på kantonesisk oppsummerer blandinga av Vesten-smisking og Austen-promovering til fulle. Og når det heile innlysande er sponsa av turistforeininga der nede med latterlege skyline-fotoseansar av byen, kjenner eg meir på ei djup uro enn på dei romantiske lattermusklane.