Film
Nyansering frydar
Enkelte filmar kjennest meir komplette enn andre. Waves er ein slik ein.
Tyler (Kelvin Harrison Jr.) ser ut til å leve eit sutlaust liv.
Foto: United International Pictures
Livet er relativt sutlaust for Tyler (Harrison) – fin kjærast, kule vener, gode karakterar, støttande foreldre og ein lovande karriere som brytar. Ein kunne sagt at foreldra er i overkant støttande. Veslesystera Emily (Russell) skjønar at alt ikkje er som det skal vera, då Tyler kjem heim og er heilt frå seg. Far (Brown) og mor (Goldsberry) står som makteslause vitne, men hadde dei kunna handla annleis?
Murphys love
Det er noko med amerikanske filmar der hovudpersonane er afroamerikanarar, som gjer at eg automatisk tenkjer at då må det skje noko fælt.
Murphys lov som seier at alt som kan gå gale, går gale, ser ut til å setja inn så snart filmen ikkje dreiar seg om den kvite middelklassen.
Det seier sannsynlegvis meir om det amerikanske samfunnet enn om intensjonen til regissør Trey Edward Shults, som eg genuint trur er meir grunnleggande interessert i familiedynamikk og heimedrama enn i å stigmatisera svarte. Og kanskje ville han ikkje oppnådd den same effekten om det dreia seg om ein kvit familie. Lenger er me ikkje komne, er eg redd. Men Shults utnyttar potensialet og vrir på historia slik at resultatet er langt meir fordøyeleg enn det kan sjå ut som ei god stund uti filmen.
Hyper
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.