Film
Null nytt frå vestfronten
Steven Spielberg er så tru mot tradisjonen at eg ikkje forstår vitsen med nye West Side Story.
Anita (Ariana DeBose) og Bernando (David Alvarez) i ei av dansescenene i filmen.
Foto: Niko Tavernise / Century Studios
Den velkjende og enormt populære kjærleikshistoria om Tony (Elgort) og María (Zegler) har blitt film igjen, seksti år etter at Broadway-stykket kom på kinolerret. Igjen står den kvite ungdomsgjengen Jets mot puertorikanske Sharks. Inspirasjonen frå Romeo og Julie er klar. Kjærleiken er forboden.
Tony freistar lausrive seg frå Jets etter eit år i fengsel for rå vald. María vil tenkje sjølv, men er systera til boksar og frontfigur i Sharks, Bernardo. Korleis skal det gå?
Didaktiske tonar
Dei to turtelduene fell hovudstups før dei har sagt hei. Alt er rett fram. Konfliktane er klare. Vi blir fôra fredsbodskapen med pertentleg teskei. Den didaktiske stilen er utdatert. Mange visuelle grep er resirkulerte. Koloritt og kostyme har alt som høyrer heime og ser bra ut. Eg stussar likevel på overdriven bruk av motljos med glinsande strimer gong på gong.
Sjølvsagt får ein høyre nokre svingande, kjende refreng, men musikken er mest mas, jamvel om dei har brukt det originale materialet til Leonard Bernstein. Ikkje at eg fnyser av ein frisk mambo, altså. Det resonnerer mest for meg når María syng «Today, the minutes seem like hours, the hours go so slowly». Nett det eg tenker halvvegs ut i dei 156 minutta filmen varar.
Tradisjonstru
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.