Film
Nostalgisk notid
Filmen om mannen som skreiv Citizen Kane er morosam, stilig og aktuell.
I filmen ser vi Hollywood i 1930-åra gjennom auga til den samfunnskritiske og alkoholiserte manusforfattaren Herman J. Mankiewicz, spelt av Gary Oldman.
Foto: Selmer Media
Herman J. Mankiewicz (Oldman) er ei legende. Han skreiv manus til nesten hundre filmar, inkludert Trollmannen fra Oz (1939). Plassen i historiebøkene er likevel tett knytt til Citizen Kane frå 1941. Filmen Mank går langt i å seie at «Mank» skreiv det Oscar-vinnande manuset utan nemneverdig hjelp frå Orson Welles, som fekk det meste av æra for eit av dei mest hylla verka i filmhistoria. Vi følgjer den sjuke skribenten på ein aud ranch der han skriv meisterverket sitt, med mange tilbakeblikk til glansdagar i Hollywood.
Lett klassisk
Filmen underheld og er morosam. Dialogane går som smurt, med gode gloser i lett tone. Mank lirar av seg den eine bitande replikken etter den andre i kjend studiostil. Gary Oldman spelar hovudrolla på eit nivå som gjer at Oscar-snakket svirrar alt. Akademiet likar jo rike dosar nostalgi for eigen gullalder.
Ein annan som pregar ryktebørsen, er fotografen Erik Messerschmidt. Han brukar svartkvite bilete og freistar nærme seg linsebruk og fokus frå Citizen Kane. Det fungerer flott. Rarare er valet av breitt scopeformat, som ingen brukte i 1941. Det står i kontrast til at Trent Reznor har laga filmmusikk der berre instrument frå trettitalet er i bruk. Detaljar til side gjev filmen ei kjensle av klassisk Hollywood, tilpassa publikum i dag.
Mediemakta
Ein finn fleire tydelege lenker til notida. Falske nyhende om politiske motstandarar minner om vår tid. Svertinga av sosialisten Upton Sinclair skapar atterklang. Skildringa i Citizen Kane av mediemogulen William Randolph Hearst skapte skandale i si tid. Her er han ein mild type samanlikna med den griske studiosjefen Louis B. Meyer. Uroa over å blande inn sanning i fiksjon er òg tematikk som pregar debattar no.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.