Norsk nostalgi
Filmen om nittitalet med Drillo som landslagstrenar er ei gullgruve av arkivmateriale.
Drillo feirar sigersmålet i Marseille i 1998 saman med Nils Johan Semb, Øyvind Leonhardsen og Jostein Flo.
Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB
Dokumentar
Regi: Jo Vemund Svendsen og Daniel Høglund
Alt for Norge
Med: Egil «Drillo» Olsen, Kjetil Rekdal, Tore André Flo
Kinofilm
Då Egil «Drillo» Olsen tok over som trenar for det norske herrelandslaget i 1990, stod det stusseleg til. Drillo drog i gang gullåra for norsk fotball. Under nerden frå Fredrikstad kom laget til to verdsmeisterskap. Alt kulminerte i sigeren mot Brasil i Marseilles ein sumarkveld i 1998. Arne Scheie utbasunerte frå skjermen til kvar ein heim at dette var den største idrettshendinga i norsk historie.
VHS-vedunder
Alt i logoen i første sekund tyr dokumentarfilmskaparane Jo Vemund Svendsen og Daniel Høglund til estetikk i tråd med VHS-kassettane Drillo brukte til å analysere kor få pasningar ein treng for å score, statistisk sett. Dei har funne tallause kjelder frå tida.
Media var på ballen frå første sekund. Samstundes gav økonomisk oppgangstid auka bruk av private filmkamera. Vi får jamvel sjå opptak frå landslagsturane med Mini, Jan Åge Fjørtoft og Frode Grodås bak kameraet. Den nostalgiske verknaden er sterk. Kjeldebruken er god.
Filmen legg tidleg vekt på kunnskapshungrige Drillo. I barndomen pugga han geografifakta. Seinare brukte han forskinga si ved Noregs idrettshøgskule som grunnlag for korleis ein skulle spele fotball. Tvillaust var det enormt effektivt for eit land utan dei store ballkunstnarane.
Dei høgste fjella
Ei intens opning med tonar i stil frå åttitalet gjer at ein får von om noko i retning av filmen Diego Maradona av Asif Kapadia. Så høgt rekk aldri Alt for Norge. Musikken er frisk i starten, men er heller parodisk pompøs på slutten. Filmen er klassisk lagt opp. Det blir opp- og nedturar, og vi får avbrekk med Drillo som far og partnar. Klimakset kjem sjølvsagt mot Brasil.
Vendingane karrieren tok seinare, høyrer ikkje med i denne nasjonale historia. Tittelen er tydeleg på at dette er eit stort stykke Noreg, med kongelege nyttårstalar og veivande flagg. Vi ser bønder frå djupe fjordar, vande med basar og dugnad, samarbeide for å nå dei høgaste tindar og slå sjølvaste Ronaldo, den eldre. Det er ei forteljing som fengjer. Ei viktig scoring på tampen gjev sterke kjensler anten det skjer i Marseilles eller på Nordre Åsen. Eg blir rørt, sjølv om den nasjonsbyggjande nostalgien byr på litt bismak.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Den nostalgiske verknaden er sterk. Kjeldebruken er god.
Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Trålar utanfor Måløy sentrum.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Barents blues, også et flytende samfunn
Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Salman Rushdie har skrive 15 romanar. Den siste boka handlar om knivåtaket på han i 2022.
Foto: Rachel Eliza Griffiths
Ein takk til livet
Salman Rushdie nyttar språket som terapi.