Film

Nordisk grandiost

Charlotte Sieling samlar Skandinavia i ein storslegen unionsfilm med Trine Dyrholm som leiar.

Trine Dyrholm i hovudrolla som Margrete den første.
Trine Dyrholm i hovudrolla som Margrete den første.
Publisert

Margrete den første (Dyrholm) har sikra fred gjennom å samla Danmark, Sverige og Noreg. Ho har store planar. Adopterte Erik av Pommern er konge i namnet, men alle veit at Margrete er dronninga for det heile. Ein felles hær og eit strategisk ekteskap mellom unge Erik og den engelske prinsessa Filippa skal sikre stabilitet og temje tysk trong til å trekke nordover.

Men noko er rote i Kalmarunionen i 1402. Rebelske rabagastar frå Noreg har funne ein mann i Tyskland som hevdar å vere kong Olav, som alle trur døydde i 1387. Nokon konspirerer.

Intrigar og taktikkspel ligg i kjernen av fiksjonsleiken rundt den sanne historia om at ein mann hevda å vere tronarving medan Margrete den første styrte. Nokre trekk frå krimfilm er med i forteljinga om kven som har kva svin på skogen. Slagscener og blodige krigar er ikkje i fokus.

Margrete den første er eit påkosta historisk kostymedrama der sterke aktørar har slått saman ressursane for å lage eit solid byggverk.

Den danske regissøren Charlotte Sieling har lang fartstid frå fjernsyn. Ho har skapt flotte bilete av knausar og borger, hallar og mørke gangar. Kostyme, ljos og fargetonar bidreg til kjensla av å sjå ein nordisk storfilm.

Den internasjonale skodespelarstaben er sterk. Danske Søren Malling og svenske Magnus Krepper er overtydande ambivalente. Bjørn Floberg er stødig. Størst av alle er Trine Dyrholm. Ho har vore dronninga av dansk film sidan nittitalet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement