Film

Noble Nobile

Historia om Umberto Nobile kler stilvala til den dyktige animasjonsregissøren Kajsa Næss.

Titina, Roald Amundsen og Umberto Nobile i luftballongen.
Titina, Roald Amundsen og Umberto Nobile i luftballongen.
Publisert

Gjennom auga til hunden Titina blir vi med på ferda til den vidgjetne luftfartsingeniøren Umberto Nobile. Ein dag på tjuetalet ringer telefonen frå fjerne Noreg. Roald Amundsen slår på tråden for å fortelje at Nobile må lage eit luftskip for å ta den norske eventyraren til Nordpolen. Slik byrjar ei innhaldsrik ferd, om enn ikkje nett eit flott vennskap.

Italia Noreg 1–0

Ein barnefilm om kjende polfarar vekkjer ikkje dei største forventingane om nyansar, men Titina slår Amundsen (2019) av Espen Sandberg ned i støvlane når det gjeld ikonoklasme. Amundsen er teikna som låtteleg arrogant, med nasen høgt heva, ganske bokstavelig tala. Kanskje i overkant.

Det er likevel artig at sympatien er soleklart hjå italienaren i ein norsk film. Nobile er skildra som ein smålåten og grei kar. Den fine streken på dei handteikna bileta er flott, inkludert det milde oppsynet hans. Mussolini er meir tullete teikna. Han fungerer som eit komisk avbrekk der han held talar om seg sjølv medan han gjev seg sjølv medaljar. Den stutte diktatoren freistar heve seg over dei andre frå oppå ein kasse. Hunden Titina, kalla opp etter den populære franske songen med same namn, har strengt tatt hovudrolla, og leverer med stor sjarm. Det er sprøtt at Nobile faktisk hadde med seg ein hund på ferda.

Kjekk og brei

Animasjonane er fine, i klassisk stil som slektar på franske tradisjonar. Originalt filmmateriale er bakt vakkert inn i teikningane med at Nobile mimrar med ein gamal filmrull. Songen frå tittelen er sentral i eit passande stemningsfylt lydspor der musikken vekslar mellom bittersøt og munter. Stemmene er snarare trauste.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement