Film
Nitriste nye Nilen
Kenneth Branagh skjenker oss ein ny sjellaus og stiv studiofilm frå den store krimkjelda.
Eit ungt par får bryllaupsreisa øydelagd av jakta på ein mordar på cruiset på Nilen.
Foto: Rob Youngson / Disney
Mord på Nilen av Agatha Christie har blitt film igjen. Kenneth Branagh har filmatisert ei bok av Christie igjen. Etter at meir filmkrimglade Brit brutalt slakta Mord på Orientekspressen og ville av på neste stasjon, mønstrar eg på.
Kanskje naive auge som må vente i spenning på kven mordaren er, set større pris på det påkosta gildet? Nei. Når klimaks etter lang (og lenger enn lang) ventetid kjem, har eg mista all interesse for kven som er mordaren.
Glorifisert venterom
Det går over ein time før nokon drep nokon. Før den tid er det mest mas om kjærleik og pengar. Mykje mas. Dei flauaste flosklar blir serverte som svisker på fin porselen. Kjærleiken er stor. Kjenslene er sterke. Dei pengesterke prangar. Intrigane er mange og meiningslause.
Som publikum skal vi misunne dei rike som har råd til eit overdådig cruise på Nilen. Sjampanjen og småkakene flyt til frekke tonar frå afroamerikanske damer med driv. Ferda er pynta med tause «eksotiske egyptarar» i kulissane.
Studiosviske
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.