Film
Mykje mutantmoro
Den nyaste filmen om Ninja Turtles er nostalgisk, leiken, røff og artig.
Mutantskjelpaddebrørne Leonardo, Michelangelo, Donatello og Raphael er tilbake på kino.
Foto: Filmweb
Dei legendariske mutantskjelpaddebrørne Leonardo (Cantu), Michelangelo (Brown Jr.), Donatello (Abbey) og Raphael (Brady Noon) er tilbake. Kvartetten vil freiste å få innpass hjå menneska gjennom heltemodig kamp mot skurken Superfly i lag med mennesket Angie (Edebiri), som vil gjere eit skup for skuleavisa for å redde ryktet sitt. Det er nok viktigare å imponere Angie enn å redde New York for gjengen som drøymer om ein veg ut av kloakken.
Ninjastrekar
Fenomenet og merkevara Teenage Mutant Ninja Turtles har sidan byrjinga som teikneserie på åttitalet vore å sjå i eit virvar av variantar som seriar, fjernsyns- og kinofilmar, animasjon og realfilm. Dei estetiske skilnadene har variert enormt. Patos og action frå filmar med Michael Bay som produsent er no bytte ut med det komiske stempelet til produsent Seth Rogan, som òg er med på manus. I staden for reine teikningar for dei minste, slik ein såg i Netflix-filmen frå i fjor, har animasjonsstilen grov strek. Det er skite og friskt. Linjer flyg ut forbi figurane. Dei framifrå canadiske og franske animatørane er synleg inspirerte av kladdebøker på bakarste rad. Når kameraet svingar fort heng VHS-liknande strekar igjen. Det kler dei rampete superheltane frå undergrunnen. Stilen er løyen og leiken. Regissør Jeff Rowe har nemnt dei seinare animasjonsfilmane om Spiderman som inspirasjon, men har gått for ein klart røffare stil.
Nittitalsnivå
Rowe held ikkje igjen. Programleiaren på fjernsynet skrik om «dødeleg død». Her køyrer ein på. Kjærleiken til pizza og austasiatisk kampsport er framleis viktig. Historia er enkel, med moral frå vanlege barnefilmar, men tener på fine vriar, som den illojale og godlynte gjengen av følgjarar Superfly har. Tenåringar har dei fire berande stemmene for fyrste gong. Ein fin versjon av gjengangaren Angie plasserer òg filmen i eit ungt tenåringssjikt. Tidlegare versjonar har ofte veksla mellom vaksne og barnevennlege variantar.
Filmen er fullstappa med referansar, både til dagens menneskelege populærkultur frå dei unge skjelpaddene med smarttelefonar og på eit lydspor proppa av gamalt gull frå folk som A Tribe Called Quest, De La Soul, Gang Starr, ESG, Ol’ Dirty Bastard, Busta Rhymes og Lauryn Hill. Det er ingen ende på den gode stemninga, altså. Jamvel «No Diggity» av Blackstreet er med. Superfly hevdar å vere Supa Dupa Fly som Missy Elliott. Trent Reznor og Atticus Ross har laga originalmusikk med nostalgisk appell. Ice Cube har stemma til mutantfluga Superfly med lynnet frå tida i N.W.A. Jackie Chan stemmer flott i som Meister Splinter, farsfigur og mutantrotte med eit snev av Yoda frå Star Wars, tradisjonen tru. Heltane våre vil berre bli populære, som Ferris Bueller i Skulk med stil.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.