Film

Muzak for fansen

Kvifor ta vekk nerdefaktoren frå Tolkien når det er akkurat det som har gjort han til ein av verdas mest lesne forfattarar?

J.R.R. Tolkien gjekk på King Edward’s School, og brorskapet syner att i bøkene hans.
J.R.R. Tolkien gjekk på King Edward’s School, og brorskapet syner att i bøkene hans.

Biografisk drama

Regi: Dome Karukoski

Tolkien

Med: Nicholas Hoult, Lily Collins, Anthony Boyle

Med fyrste verdskrigen og ærverdige privatskular som bakteppe får me eit overflatisk blikk inn i oppveksten til J.R.R. Tolkien, mannen som skapte Ringenes herre og ei rekke andre fantasibøker.

Historia om

Eg skjønar at det er freistande å laga film om så prominente namn som Tolkien – berre tanken på at ein brøkdel av alle blodfans tek turen på kino for å sjå kven mannen bak meisterverka, må vera… inspirerande.

Så kvifor i alle dagar koma opp med eit så glattpolert produkt som dette? Goodbye Christopher Robin (2017) (om Ole Brumm-skapar A.A. Milne) har same gulfiltrerte, tannlause oppbygging. Det same gjeld Shadowlands (1993) om C.S. Lewis, mannen bak Narnia-bøkene.

Dei minner alle om ein annan bokserie eg hadde stor glede av i barndommen, nemleg «Historien om»-bøkene. Her vart livet til storleikar som Marie Curie, Benjamin Franklin og Jeanne d’Arc skildra. Målgruppa var vel 9–12 år, og dermed måtte me skånast for alt som lukta av sex, umoral og nyansar utover svart og kvitt. Av ein vaksenfilm forventar eg litt andre kriterium.

Muzak

Kameraderiet blant Tolkien og venene hans på King Edward’s School får meg til å tenka at det ikkje er rart verda er driven av menn. Så er også brorskapet i bøkene framtredande, og der kona og mora er viktige i livet til Tolkien, har dei berre funksjonar som opphøgde kjærleiksobjekt.

I fyrsteboka, Hobbiten, finn ein pronomenet she nemnt éin einaste gong – alvar, dvergar og til og med dyr vert konsekvent omtala som he (står det i Helene Uri si bok Hvem sa hva?). Kor avgjerande barndommen er for bøkene, er vanskeleg å sjå, utover at ungar ofte fantaserer om eldsprutande dragar.

Fantasien og språket vert til dels forklart, men nokon har tenkt at det nok er betre filmatisk å spela på oppvekstflosklar enn detaljerte eksempel på korleis Tolkien strukturerte alvespråket i ein av litteraturhistorias desidert største suksessar. Kva i alle verda fekk dei til å landa på denne avgjerda, når hovudmålgruppa tilhøyrer dei absolutte nerdane som mest sannsynleg ikkje kan få nok detaljar om akkurat dette? At han får jenta til slutt, høyrer meir heime i torsdagsfilmen på TVNorge. Det gjer i grunnen denne filmen òg. Det skulle jo knapt vera nødvendig.