Mørkets fyrste
McKay angrip Cheney med alt i ein drivande og deprimerande biografisk satire.
Christian Bale spelar Dick Cheney, og Amy Adams spelar Lynne Cheney i filmen.
Foto: Matt Kennedy / Annapurna Picture / SP Studios
Biografi / drama / komedie
Regi: Adam McKay
Vice
Med: Christian Bale, Amy Adams, Sam Rockwell
Mange minnest kor openberre løgnene som la grunnlag for den siste invasjonen av Irak, var. Og at ikkje berre USA, men òg somme av medlemmene i regjeringa til Bush den yngre og mindre gåverike kunne tene på krigen. Vice er historia om visepresidenten Dick Cheney (Bale), hans machiavelliske veg til makt og dei tragiske konsekvensane av framferda hans.
Krutrøyk
Regissør Adam McKay analyserte finanskrisa med The Big Short på framifrå vis. No held han fram med viljen til å formidle historier om dramatiske hendingar i samtida med vidd og stil. Vice osar av det brennande sinnet han ber mot Dick Cheney. I høgt tempo haglar poenga. Klippen er spenstig og blandar hektisk inn krigsbilete og familiefoto med meir. Christian Bale er strålande som den stille, sleipe, maktsjuke politikaren. At sminkørane er med blant dei åtte Oscar-nominasjonane til filmen, skulle berre mangle. Elles passar Sam Rockwell godt som den einfaldig farlege George W. Bush, og Amy Adams er alltid god. Det ryk av filmforma og stinkar frå sumpen i Washington.
Le eller grine
Cheney blir ofte omtala som den mektigaste visepresidenten i USAs historie. Det er sjeldan meint som ros. McKay argumenterer for at Cheney var sentral i å tillate tortur, starte krigar med tallause tusen sivile offer, setje i gang omfattande overvaking, halde hemmelege politiske prosessar, skape større ulikskap og generelt utarme demokratiet i USA. Det er mørkt. Til å vere dels komedie er Vice ikkje særleg munter eller oppløftande. Ein veit ikkje om ein skal le eller grine. Utan å vere like morosam som In the Loop, den store filmen om oppbygginga til krigen mot Irak, er McKay sikker i stilen, skarp i satiren og nådelaus i historieskrivinga, om enn med fridomar. Har du ei kjensle av at verda går til hundane, er neppe Vice rett medisin, sjølv om filmen skapar ein syndebukk. Treng du ei påminning om kva som leidde til dei endelause krigane i Afghanistan og Irak, og kor IS kom frå, bør du sjå filmen. Adam McKay er ein solid filmskapar og ei viktig stemme i USA.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

McKay er sikker i stilen, skarp i satiren og nådelaus i historieskrivinga, om enn med fridomar.
Fleire artiklar
Det er ein svir å oppleve korleis den bokelskande Matilda tar eit oppgjer med vonde rektor Trunchbull.
Foto: Grethe Nygaard, Rogaland Teater
Festleg framsyning av musikalen Matilda
Matilda har i årevis gjort suksess som musikal. No også på Rogaland Teater.
Den tsjekkiske nasjonalromantikaren Antonín Dvořák (1841–1904).
Grått og keisamt
Bestion mislukkast i å modernisera Scarlatti og Dvořák.
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB
Ein endrar ikkje naturen med talemåtar
Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.
Foto: Kari Anette Austvik / NTB
Frå bridgeverda: Svidd utgang
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).
Foto: Ole Martin Wold / NTB
I rykk og napp
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.