JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Mordar jord

Miljøskrekk frå Sør-Afrika kombinerer røter og nyskaping nok til at ein blir nyfiken.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dommedagsvaktarane Barend (Carel Nel) og sonen Stefan (Alex van Dyk) er skeptiske til alt moderne.

Foto: Another World Entertainment

2332
20220107
2332
20220107

Skrekkfilm

Regi: Jaco Bouwer

Gaia

Med: Monique Rockman, Carel Nel, Alex van Dyk
Kinofilm

Skogvaktaren Gabi (Rockman) og kollegaen padlar innover i djupe skogar for å sjekke kamera. Når Gabi skal finne att ein drone som fell ned, kjem dei frå kvarandre. Gabi går i fella til merkelege Barend (Nel) og sonen Stefan (van Dyk). Dei to er båe dekte av leire og ber pil og boge. Dei ber òg på ein ekstrem skepsis til alt moderne. Noko er på ferde i skogen. Sopp breier aggressivt om seg. Moder jord har sitt å utsetje på menneska og går til motangrep, messer Barend.

Superfungi

Nokre klisjear frå kjende skrekkoppskrifter plagar meg i byrjinga, som openbert dumme val og teite tilfelle av slump. Vi veit godt kven som døyr først. Kameraet kvilar i kjent stil på kvinnekroppen. Insisterande skrekkmusikk må heldigvis etter kvart vike for lyden av tre som knirkar. Det er jo ein god lyd, men skrudd opp til elleve blir det skummelt.

Supersoppen som angrip, er ikkje moro. Den populære sjangeren økologisk skrekk har godt av ein variant der det ikkje er ekle mutantar av forureining, men vridd natur som truar. Alle dei vakre soppane og trea gjer seg visuelt.

Sekters gang

Gabi har forvilla seg inn i eit mørkt hjarte av skogen som slektar på stemninga frå Joseph Conrad. Tittelen Gaia viser til den greske gudinna som nær sagt var jorda i eigen person. Barend ber til jorda, men ber òg dels på kristen logikk og moral.

Nokre replikkar og scener siterer Bibelen direkte. Både Abrahams dilemma og nytestamentleg kritikk av griskleik får klare hint.

At dommedag er nær, er brennsikkert, men det er ikkje lett å seie om den smale sti er rett. Gabi har sympati med Stefan utan at forholdet alltid overtyder, men Monique Rockman gjer ein god jobb i hovudrolla. Carel Nel passar perfekt i rolla som Barend og liknar ein utmagra og fanatisk Will Oldham. Figuren er som ein sektleiar utan andre følgjarar enn sonen.

Sjølv om nokre element luggar, er Gaia ein temmeleg stram og stilig skrekkfilm med spennande tematikk utan klare svar. Det skader heller ikkje å sjå sjangerfilmar frå land som sjeldan når norske kinoar.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis