Film

Milde Vesten

Kelly Reichardt har laga ein vilt vakker film om vennskap i ein ikkje spesielt vill vest.

Orion Lee (t.v.) og John Magaro spelar avmålt og fint som høvesvis King-Lu og Cookie.
Orion Lee (t.v.) og John Magaro spelar avmålt og fint som høvesvis King-Lu og Cookie.Orion Lee (t.v.) og John Magaro spelar avmålt og fint som høvesvis King-Lu og Cookie.
Publisert

DRAMA

Cookie (Magaro) er kokk for ein kjip gjeng på pelsjakt i Oregon på 1820-talet. Ein dag kjem han over ein naken mann i buskane når han sankar sopp. Mannen er King-Lu (Lee), ein kinesar som gøymer seg fordi han råka å drepe ein russar. Som han seier er «alle» i Oregon.

Dei to blir gode vener. Kreativiteten til gründersjela King-Lu og kokkekunsten til Cookie gjer dei til ein dynamisk duo når den første kua kjem til utposten der dei slår seg ned, men all forretning inneber risiko.

Nedtona

First Cow er ikkje ein actionfilm frå Det ville Vesten. Dels er filmen ei miljøskildring, men mest er det ei historie om vennskap mellom to ulike figurar som båe står litt på utsida av fellesskapar. Ein ser få spor av den valdelege koloniseringa. Det er uvant å sjå fredsæl sameksistens mellom ulike folkegrupper frå USA på 1800-talet, inkludert urfolk som held til i busetjinga.

Historia er enkel og liten, tatt ut av ein bit av romanen The Half Life av Jonathan Raymond. Når konfliktar dreg seg til, er det òg i sparsam stil.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement