Film
Merkevara
Koseserien om David Beckham er heltedyrking utan kritisk blikk.
Victoria og David Beckham stiller opp for regissør Fisher Stevens.
Foto: Netflix
Livet og karrieren til den dyktige fotballspelaren David Beckham er skildra i detalj i dokumentarserien av Succession-skodespelar Fisher Stevens. Den stjernestreifa regissøren intervjuar Beckham, kona Victoria og andre folk, blanda med rikt arkivmateriale.
Kosen
Dei gamle klippa underheld. Draktene, frisyrane og fotballkampane frå nittitalet er artige. Intervjuobjekta frå notida er ei rå rekke av figurar som Alex Ferguson, Luis Figo, Roy Keane, den gode gamle Ronaldo, Neville-brørne og Roberto Carlos.
Best er Diego Simeone og Fabio Capello. Men Beckham er ofte ein tannlaus og glatt «heime hos»-reportasje, eller kosefjernsyn på nivå med Erna Solberg i «Debatten» på NRK.
Kapitalen
Kjendisen Beckham endra korleis fotballspelarar såg ut og utvida rommet for manndom. Vegen frå ein blodig Terry Butcher til Beckham i sarong er lang. Delen om hetsen etter at han blei utvist i VM, er god og syner eit sjukt England. Men kor er spørsmåla om overforbruket Beckham fremjar? Han blir hylla for overflod. Ingen spør om støtta til rike diktatur. Ikkje éin kritisk tanke blir ytra. Regissøren frå USA freistar eggja fram sterke kjensler med overdriven musikkbruk og klipping som får alle augneblinkar på bana til å handle om dramatiske vendingar for Beckham.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.