Men Jane, då!
Trass i ei relevant historie og underhaldande grep lèt Call Jane etter seg ein unødvendig emmen smak i munnen.
Ei husmor (Elizabeth Banks) sluttar seg til abortkollektivet Jane for å kjempa for kvinnerettar.
Foto: Another World Entertainment
Drama basert på sanne hendingar
Regi: Phyllis Nagy
Call Jane
Med: Elizabeth Banks, Sigourney Weaver, Chris Messina
Kinofilm
Chicago, 1968: Den rike husfrua Joy (Banks) steller for mann (Messina) og dotter. Då komplikasjonar under graviditeten trugar hennar på livet, får ho framleis ikkje avbryta svangerskapet, noko som får henne til å få auga opp for ulovleg abort, og ikkje minst ei lyssky gruppe kvinner som tek seg av problema sjølve. Det er på tide å ta ein telefon til Jane.
Lettsett
Det fyrste som slår meg, er at dette ser ut som god, gamaldags film, altså fysisk filmrull, ikkje digital med filter. Og sidan litt internettsjekking stadfestar at filmfotograf Greta Zozula har brukt 16 mm-kameraet Arri 416, kan eg med dette, for dei som lurar, vidare stadfesta at ja, det kan merkast – og det er vakkert! Også karakteren Joy vekkjer kjapt sympati hos meg, der ho privilegert svinsar frå kjøkenbenk til nabokone tilbake til kjøkenbenken.
Eg såg akkurat dokumentaren om abortgruppa Jane, The Janes, så det tek kanskje noko av aha-effekten vekk frå opplevinga for min del, men for alle som ikkje kjenner historia, og som lurar på kva som kan vera resultatet av innsnevringa av abortlover i ulike land, så er Call Jane ei underhaldande og lettsett innføring.
Omskriving
Lettsett er forresten mildt sagt. Ettersom tida går, blir det klart at her skal det kunna etast, tyggast og svelgjast utan mykje motstand. Den klassiske hasjrøykinga for å visa at husfrua er i ferd med å frigjera seg frå både tidsånd og sosietetsstand, kunne dei til dømes spart seg for, til liks med særs klisjéaktige feministflosklar og ei rar innblanding frå sedskapsbrotsavsnittet.
Det var i røynda draps-
avsnittet som fekk æra/skulda for å fakka Jane, men kanskje det verka meir pikant å la moralpolitiet spela ei større rolle? Den minst forståelege omskrivinga er likevel at dei vil ha det til at advokatmannen til Joy var den som fekk dei av kroken til slutt, når det i dokumentaren heilt klart var den kvinnelege advokaten Jo-Ann Wolfson som beintøft gjekk inn. Hadde ikkje det vore totalt i tråd med resten av filmen?
Aborte vekk
I tillegg til nemnde rare grep synest eg at det som kanskje skadar Call Jane mest av alt, er måten filmen på eit vis feirar kvar abort på, at kvart avbrote svangerskap er ein siger. Du treng ikkje vera motstandar av fri abort for å reagera på den noko underlege bagatelliseringa av det å avslutta kimen til liv. Det viktigaste i resten av filmen er å unngå moralisering av dei som ser seg nøydde å oppsøka aborttilbodet, så den nærast smaklause oppramsinga av alle som har abortert, kunne dei rett og slett spart seg for. Det kjem også heilt på slutten, utan at det avslører noko om sjølve filmen at eg nemner det.
Det punkterer kan henda ein viktig film som diverre og utruleg nok trengst i desse dagar. Særleg i USA, der ein er i ferd med å gå tilbake til tida då Jane gjorde ein livsviktig jobb, særleg for ikkje-kvite, fattige kvinner og familiar. Dei som trumfar gjennom dagens nye, forstokka reglar, vil vel neppe sjå Call Jane uansett, men ein kan håpa at ungane deira får filmen med seg – og helst at dei ikkje heng seg opp i den uheldige «hyllinga» av abort, slik denne meldaren gjorde. Hyllinga av Jane er derimot heilt på sin plass, sjølv om eg håpar dei ikkje må aktivera telefonnummeret sitt i noka som helst framtid.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.