Mellomaldermesse
Monumental musikk, flott foto og ein utmerkt
Dev Patel driv eventyret om Gawain.
David Lowery byr på ei livleg og målarisk riddarforteljing.
FANTASY/DRAMA
Regi: David Lowery
The Green Knight
Med: Dev Patel, Alicia Vikander, Joel Edgerton
Kinofilm
Gawain (Patel) plar vakne fyllesjuk på bordellet utanfor slottet til onkelen, Kong Arthur. Han er ikkje klar for å bli riddar nett enno. Ein juledag vitjar ein mystisk grøn knekt kongens bord og utfordrar alle til duell. Gawain vil. Knekten kneler, lageleg til for hogg. Han lèt sverdet til Gawain ramma og er likesæl til å få partert ein kroppsdel, som den svarte riddaren til Monty Python, og lovar ny runde om eit år på heimebane. Året etter legg Gawain ut på eventyr mot Det grøne kapellet.
Gåtefull
Filmen er basert på ein populær riddarroman frå engelsk seinmiddelalder og gjev mangt eit møte med mytiske figurar, farar og moralske dilemma. Her er skrømt, kjempar og snakkande revar. Korkje Gawain eller sjåaren veit heilt å skilje røynd frå fantasi. Det flyt. Vegen til å bli riddar er utrygg og blir vonleg til mens ein går. Gawain er ingen særskild heroisk figur. Stundom er han heller ynkeleg. Ein tar inga trone utan å skitne seg til. Spesielt biletleg. Dev Patel gjer ein durabeleg jobb i hovudrolla. Han byrjar bli andletet til engelsk litteraturhistorie no, sidan vi sist såg han som David Copperfield. Stjerna tek helst del i friske variantar av klassikarar. Regissøren David Lowery kjem frå ein uavhengig filmtradisjon i USA med estetiske ambisjonar og sans for det sære. Dette er ikkje Disney.
Overdådig
The Green Knight har null actionscener. Kjærleiken er mørk og skiten. Visuelt og musikalsk er filmen storslagen og livleg. Daniel Hart er fast komponist for Lowery. At han har turnert med The Polyphonic Spree, rimar. Korsongen svingar til djup klang av strengeleik og tunge tangentar. Orkesteret Orchestrate har erfaring frå Under the Skin, Jackie og Monos med Mica Levi, verdas beste filmkomponist. Det høyrer ein. Bileta skapar ei målarisk riddarforteljing. Majestetiske, grå borger steglar over ein. Kristne ikonmålingar og trolsk symbolikk er blanda i skuggane til mørke hallar med ei stripe av ljos frå ein glugg eller ein fakkel. Lyssettinga er staseleg spartansk. Ute truar karrig natur og lunefulle ånder.
The Green Knight er mystisk og vakker. Dei som vil ha ein romantisk heltefilm om ein riddar i glitrande rustning, lyt halde seg heime.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latin-amerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kjærleiken er mørk og skiten. Visuelt og musikalsk er filmen storslagen
og livleg.
Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.