Film
Mektig mareritt
Monos er ei stor filmoppleving. Ikkje spar denne totalpakken til sofakroken.
Nokre unge geriljasoldatar i dei colombianske fjella har ansvaret for eit gissel frå USA.
Foto: Arthaus
Lytt til artikkelen:
I forblåste colombianske fjell held ein gjeng ungdommar til som geriljasoldatar med ansvar for eit gissel frå USA. Ein dag kjem ein overordna frå Organisasjonen innom med kua Shakira, som dei skal passe på. Hard trening er blanda med både kreativ og brutal leik. Konflikten kan kome kva tid som helst. Ein kan forvente vald.
Rambo
Monos er stilisert og storslagen. Stadene dei har filma, er spektakulære. Fjella med brutale betongkonstruksjonar er majestetiske. Frodig regnskog og elvar i strie straumar gjev tett og klam klaustrofobisk desorientering. Fargetonane er til å nyte, anten det er grove gråtonar og gul mose eller eirgrøne blad. Mørke og kaldt ljos vekslar. Kameraet trekker seg ut for overblikk og distanse eller er heilt tett på andleta. Militær kroppsøving er koreografert så det minner om dans à la Beau travail av Claire Denis.
Rollebesetninga er slåande god. Kvart eit andlet, kvar ein kropp er uendeleg uttrykksfulle. Dei aller fleste er ferskingar, men dei gjer rollene strålande sårbare. Namna Rambo, Lady, Boom-boom, Ulven og Smurfen grensar mellom anonymiseringa av geriljasoldatar og barnleg leik med filmreferansar.
Fyller du femten år, får du femten piskeslag. Ikkje nett det ei quinceañera, ei jente som fyller 15 år, drøymer om. Ingen blondekjolar er å sjå, men kjønn finst mellom konvensjon og fridom. Kostyme og andre attributt gjer sitt til eit fantasifullt uttrykk som skrir over grenser også med tanke på sjanger. Dei heile er eit eventyr, ein fabel eller eit mareritt med røter i ei røynd som er rå og uroande, ute av verda.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.