Med øks og skytar
Filmnerden Henrik Martin Dahlsbakken flakkar vidare i fin stil.
Filip Berg spelar rolla som Mikael, ein svensk landstrykar, levemann og lurendreiar.
Foto: Eirik Evjen / Tour de Force
Action / Drama
Regi: Henrik Martin Dahlsbakken
De fredløse
Med: Åsmund Hoeg, Filip Berg, Benjamin Helstad
Kinofilm
Johannes (Hoeg) har reist heimanfrå, vekk frå hardt arbeid som tømmerhoggar. Svenske Mikael er landstrykar, levemann og lurendreiar. Sistnemnde er eldre og plukkar opp unge Johannes som protesjé.
Vi ser glimt i første scene av at det har blitt blodig, og at dei er på flukt frå lovas lange arm. Filmen er basert på den segnomsuste historia om to typar som drap to lensmenn i Ådal i 1926.
Regissør Henrik Martin Dahlsbakken har laga ein ny versjon av To mistenkelige personer (1950) av Tancred Ibsen, som òg bygde på romanen med same tittel frå 1933 av journalisten Gunnar Larsen. Høgsterett lét ikkje filmen av Ibsen bli vist før i 1998, på grunn av protest frå ein av dei det handla om.
Referansedans
Der Ibsen fortalte om flukta i tradisjonell spenningsstil, siktar Dahlsbakken mot det poetiske og mot forholdet mellom dei to figurane. Forholdet deira er ujamt og djupt usunt. Makta er hjå den eldre. Likevel får ein ei forståing for korleis unge Johannes har blitt fanga i virvelvinden til Mikael. Bakgrunnen får mykje plass med ei mengd tilbakeblikk. Det gjev nokre litt enkle forklaringar og ei overkant hoppande tidsline, men likevel meir heilskaplege figurar.
Det er uråd å ikkje tenkje på filmar som Badlands (1973) av Terrence Malick, både med tanke på tema og stil. Det handhaldne kameraet flakkar vakkert. Både bilete av åkrar og forteljarstemma til Mikael sender tankane til fleire filmar av Malick. Fotograf Oskar Dahlsbakken har brukt god gamaldags filmrull i naturleg ljos. Det ser staseleg ut og bidreg til tidsbiletet.
Regissøren har sjølv òg nemnt Jan Troell som inspirasjonskjelde for skandinavisk epokedrama. I tillegg kan landskapsskildringane minne om Hans Petter Molands variant av Ut og stjæle hester. Skogane på Austlandet gjer seg på lerretet. Det er rett før nokon lirar av seg eit dikt av Hans Børli. Musikken av Nils Martin Larsen sviv fint. Åsmund Hoeg i rolla som Johannes er eit stort talent. Han spelte òg i debuten til Dahlsbakken, Å vende tilbake (2015). Balansen hans mellom det usikre og rastlause er flott.
Pumpar ut film
Det kryr av nye versjonar av gamle norske filmar om dagen, parallelt med alle krigsfilmane. De dødes tjern, Fjols til fjells og Norske byggeklosser har kome som resirkulerte perler på ei snor, og Erik Poppe laga ein ny Utvandrerne. Norsk film fløymer altså ikkje over av originale historier.
Dahlsbakken skil seg likevel både frå streitare omskrivingar og frå hans eigne filmar, som har femna breitt i stil og innhald. Med stor iver skyt han ut filmar, med minst éin langfilm i året. Han leikar med sjangrar frå den frankofile draumen Sensommer via komisk zombieskrekk med Prosjekt Z til actionthrilleren Cave og julekomedien Gledelig jul. Eg held fram med å vere nyfiken på hedmarkingen. Filmgleda hans smittar. De fredløse er kjekk.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dahlsbakken har sjølv nemnt Jan Troell som inspirasjonskjelde for skandinavisk
epokedrama.
Fleire artiklar
Abid Raja er advokat og Venstre- politikar.
Foto: Lina Hindrum
Det trugande utanforskapet
På sitt beste er Vår ære og vår frykt historia om ei integrering på retur og ei kraftig åtvaring om kva som kan skje som følgje av det.
Fargerikt om tolsemd
Me får garantert høyra meir til komponisten Eilertsen.
Birger Emanuelsen har skrive både romanar, essay og sakprosa etter debuten i 2012.
Foto: Christopher Helberg
Endringar til godt og vondt
Birger Emanuelsen skriv om folk slik at ein trur på det.
Me drog til månen av di det var teknologisk mogleg. Eit strålande døme på det teknologiske imperativet. Her vandrar astronaut Buzz Aldrin frå Apollo 11 rundt og les sjekklista si på venstre arm på ekte ingeniørvis.
Kjelde: Nasa
Teknologisk imperativ!
«Birkebeinerne på ski over fjellet med kongsbarnet».
Foto: Morten Henden Aamot
Eit ikonisk stykke kunst er kome heim
Medan gode krefter arbeider for å etablere eit museum for kunstnarbrørne Bergslien på Voss, har den lokale sparebanken sikra seg ein originalversjon av eit hovudverk av målaren Knud Bergslien.