«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
Thriller/skrekkfilm
Regi: Scott Beck og Bryan Woods
Heretic
Med: Hugh Grant, Chloe East, Sophie Thatcher
Kinofilm
Mormonarane syster Paxton (East) og syster Barnes (Thatcher) misjonerer. Neste på lista er herr Reed (Grant). Han tek imot dei med smil og kvikk replikk i det eit uvêr av bibelske dimensjonar tek til.
Etter kvart som den teologiske praten går, kjenner dei unge damene at noko skurrar. Kanskje dei bør stikke av.
Kjettersk grøss
Når dei to går opp mot eit isolert hus omgjeve av tett skog i ein skrekkfilm, veit du at det blir trøbbel. Hugh Grant er erkehøfleg og hyggjeleg som herr Reed. Medan syster Paxton verkar naiv og nervøs er syster Barnes sjølvsikker, men ho har erfaren frykt i augo. Spesielt Sophie Thatcher som Barnes viser register med eit fjes i forsvarsposisjon. Kameraet kryp tettare på fjesa.
Mormonarar er vane med fordomar, men får bryne seg på argumenta til den kunnskapsrike verten. Er han ein aggressiv ateist? Skjuler verre løyndomar seg i skuggane? Kvinnene krev å møte kona til heretikaren for kjenne seg trygge. Trusselen ein mann utgjer mot kvinner, sitrar under det gradvis meir intense ordskiftet. Uroa stikk djupt.
Nifst og nytt
Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet enn på dei glatte, ironiske seriegrøssarane à la Skrik og Fryktens sommer som dominerte rundt tusenårsskiftet. Longlegs av Osgood Perkins frå i år har estetikk som skodar tilbake, til liks med Heretic. At tematikken er tung og inderleg, skil seg frå metadistansen frå nittitalet.
Ein fersk film der truslar mot kvinner står i sentrum, er Woman of the Hour, debuten til Anna Kendrick. Religion er ein dramatisk berebjelke i Heretic, og ein såg religiøse referansar i Hereditary av Ari Aster, ein av dei store skrekkfilmane dei siste åra. Sistnemnde stod såleis i klar arv etter klassikarane Rosemary’s Baby av William Friedkin frå 1968 og Eksorsisten av Roman Polanski frå 1973. Som andre sjangerfilmskaparar lagar Scott Beck og Bryan Woods ei ny, stemningsfull forteljing, sjølv om kanskje ikkje alt heng heilt saman mot slutten.
Eg plar sutre over manglande kreativitet i den dominerande filmbransjen i USA, men det kjem originale filmar rett som det er frå det tradisjonsrike filmlandet. Eg skvett nesten over kor mange av desse som er skrekkfilmar. Heretic er ein slik.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Mmm, nam-nam? Tja, om scobyen ser litt rar ut, så vert den fermenterte tedrikken sett pris på av menneske verda over.
Foto via Wikimedia Commons
Fermentert te breier seg i butikkhyllene – til solide prisar.
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø