Lun julefilm
Alexander Payne set tradisjonen tru kjelen på lunk i ei kald verd.
Da’Vine Joy Randolph i rolla som Mary Lamb, Dominic Sessa som Angus Tully og Paul Giamatti som Paul Hunham i filmen til regissør Alexander Payne.
Foto: Seacia Pavao / Focus Features
Drama
Regi: Alexander Payne
The Holdovers
Med: Paul Giamatti, Dominic Sessa, Da’Vine Joy Randolph
Kinofilm
Nordaust i USA nærmar jula 1970 seg på ein kostskule for rike gutar. Dei fleste skal heim for å feire med familien, men eit knippe blir att. Den gretne og arrogante læraren Mr. Hunham (Giamatti) må passe på dei. Eleven Angus (Sessa) skulle til St. Kitts, men den tverre smartingen lyt brått bli.
Kantinesjef Mary (Randolph) har nett mista sonen i Vietnamkrigen og held fortet. Kranglefantane blir utfordra. Kan kynisme vike for kameratskap?
«Oscar-racet er i gang.»
Prisnivå
Oscar-racet er i gang. The Holdovers fekk fem nominasjonar. Regissør Alexander Payne har tidlegare vunne to statuettar for manus på Sideways og The Descendents. Oppskrifta med ein gretten gubbe liknar suksessen hans med Nebraska. No har David Hemingson skrive med driv som byggjer figurar bit for bit. Særs originalt er det ikkje, men han blei nominert. Framdrifta får hjelp av klassisk, saumlaus kontinuitetsklipping av Kevin Tent. Han er flink. Nominasjon i boks.
Skodespelet held nivået. Paul Giamatti har teke små steg sidan han briljerte i Sideways for tjue år sidan. No òg spelar han ein arrogant fyr som Payne gjer til eit varmare menneske. Både Giamatti og Da’Vine Joy Randolph i rolla som Mary er nominerte til Oscar. Mary har eit snev av «sassy svart kvinne frå skrinne kår får kvit mann til å sjå verda annleis», men Randolph gjev figuren nyansar og djupn med lågmælt stil.
Fortida
Hunham underviser om antikken og brukar «visigotar» og «plebeiar» som skjellsord. Han slenger om seg med sitat på latin. Setningar fulle av framandord rullar av tunga i eit vilt tempo.
Draumen hans er at folk skal forstå kor viktig Peloponneskrigen var. Hovudkjelda til harmen hjå Hunham er at elevane slepp unna med kva som helst. Foreldra kjøper gode karakterar. Så går dei på prestisjefylte universitet og glir inn i eliten. Meritokrati ville vere eit mareritt for latsabbane.
Grundig etterarbeid har gjeve The Holdovers eit overtydande uttrykk av syttital med kornete filmstil og varme, brune tonar. Populære gamle songar dominerer lydbiletet og er viktige for tidsbiletet.
The Holdovers er tradisjonell på mange måtar. Han har trekka til ein klassisk julefilm. Sakte smeltar antiheltane. Publikum får det dei vil, og kan forlate kinosalen med lett lunk i hjarterota, utan at filmen vil stå på lista over høgdepunkt for i år når vi kjem til neste jul.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Trålar utanfor Måløy sentrum.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Barents blues, også et flytende samfunn
Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Salman Rushdie har skrive 15 romanar. Den siste boka handlar om knivåtaket på han i 2022.
Foto: Rachel Eliza Griffiths
Ein takk til livet
Salman Rushdie nyttar språket som terapi.