Film

Lun elegi

Det er frigjerande med ein fredsæl forsvarstale for forstaden.

Det raude, ruvande bygget Gagarine er ein sentral figur, både estetisk og narrativt.
Det raude, ruvande bygget Gagarine er ein sentral figur, både estetisk og narrativt.
Publisert

Youri (Bathily) bur i blokka Gagarine i ein forstad sør i Paris. Blokka skal rivast. Når Youri ikkje arrangerer kollektivt påsyn av solformørking, freistar han fikse elektronikken i gangane for å overtyde styresmakter om å lata bygget stå. Trass i jamt over skrinne kår er folk glade i heimen og miljøet blokka er. Likevel må alle snart ut.

Ekte

Filmar frå franske forstader har ofte fokus på marginalisering, kriminalitet og vald. Her får vi møte fine, fredelege folk og forvitnelege små prosjekt, trass i at det vesle samfunnet skal gå sundt.

Youri er ein romfartsnerd med teft for teknikk. Saman med den godlynte kameraten Houssam (McCraven) og den sjarmerande bilmekkejenta Diana (Khoudri) frå ei romanibusetting bortanfor blokka styrer han på konstruktivt vis i det små. Dei er ein triveleg trio. Debutanten Alseni Bathily gjer ei nydeleg lågmælt hovudrolle som står seg til det energiske stjerneskotet Lyna Khoudri.

Skildringane av kvardag med trekk av neorealisme sit godt. Folk flest får i hovudsak mindre karikerte andlet enn det som er vanleg. Scener med konflikt og litt vald er faktisk mindre truverdige enn dei som står i kontrast til det dårlege ryktet strøket har i røynda. Filmskaparane har jobba i mange år med prosjektet, sidan rivningsavgjerda kom i 2014. Arkivmateriale med intervju og bilete av byromma bryt opp og styrkjer realismen, men bidrar samstundes med ein poetisk tone.

Magi

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement