Film

Lovleg brunette

Det er eit godt teikn at feminismen passar inn i ein så tam og velbrukt formel som dette.

Felicity Jones spelar Ruth Bader Ginsburg.
Felicity Jones spelar Ruth Bader Ginsburg.

Biografisk drama

Regi: Mimi Leder

On the Basis of Sex

Med: Felicity Jones, Armie Hammer, Justin Theroux

Filmen om høgsterettsdommar Ruth Bader Ginsburg (Jones) tek til då ho startar på Harward Law School som ei av ni kvinner i 1956. Ho er alt gift med Martin (Hammer) og har eit lite barn, men det hindrar henne ikkje i å følge ambisjonane om å bli advokat på linje med mannlege medstudentar.

Det er noko Jørgen Hattemakar-aktig over denne historia om eit av våre største nolevande feministikon, sjølv om bakgrunnen hennar var relativt kong-salomonsk, sett vekk frå at ho var kvinne. Men så kan det vera vanskeleg å fatta kor stor forskjellshandsaminga på kjønna var for berre nokre skarve tiår sidan.

RBG

Dokumentaren RBG (2018) er lett å bruka som samanlikningsgrunnlag, og Ruth gjekk verkeleg på førelesningar for både seg sjølv og ektemannen då han hadde kreft. Ho og mannen fordelte verkeleg oppgåvene i heimen på ein måte som eg mistenker er uvanleg sjølv i norske pappapermheimar. Og ikkje minst tok ho kampen for rettsleg likestilling av kjønna. Eg meiner, fortener ikkje det nokre dosar svulstig strykarmusikk, crescendo og kunstpausar?

Da capo

Ruth Bader Ginsburg verkar å vera ei svært sober, nøktern kvinne, om eg tenkjer tilbake på dokumentaren. On the Basis of Sex er det motsette av dette. Ikkje at hovudpersonen sjølv vert framstilt feilaktig, men resten av filmen er så overlest av klisjear at det heile minnar om ein Saturday Night Live-sketsj, til tider. Eller mest av alt, ein av mine favoritt-tøysefilmar, Lovlig blond (2001) med Reese Witherspoon i rolla som jusstudenten Elly. Til og med draktene er like. Og sjølvsagt, bak kvar framgangsrik kvinne står ein staut, oppofrande mann med maten klar. Ikkje dermed sagt at ho ikkje tek morsrolla på alvor, for det gjer Ruth, ingenting er viktigare for henne enn ungane. Kor ofte dette blir teke med i filmar om menn, er ei anna sak.

Nei, lat oss ikkje gå for fort fram. Om det framleis må inn med teskei at også karrierekvinner er glade i barna sine, ta det med. Det er framleis mangelvare med hyllingsfilmar om dyktige kvinnfolk, så at det blir servert med svisker og fløyte, får våga seg. «Hang in there, Ruth, we need you!», som det stod på ein plakat i eit demonstrasjonstog for ikkje lenge sidan.