Livstreet
Ei einaste eik er til glede for store og små i røynda og på kino.
Dyreliv ved eiketreet.
Foto: Storytelling
Dokumentar / familiefilm / naturfilm
Regi: Michel Seydoux og Laurent Charbonnier
Eiketreet og dyrene som bor der (Orig.tit.: La chêne et ses habitants)
Med: nøttesnutebiller, ekorn, nøtteskriker
Kinofilm
I og rundt ei eik frå 1810 bur ei mengd vesen. Eiketreet og dyrene som bor der følgjer livet rundt det majestetiske treet i eit år, utan eit ord. Det byr på moro, spenning og eit vell av vakre og fasinerande nærbilete av livet i naturen.
Snutebilleboogie
Stjernene i det rike rollegalleriet er nøttesnutebiller, ekorn, småskogmus, nøtteskriker og villsvin. Mange av artane er kjende for eit norsk publikum, men vi er ikkje vane med å sjå dei slik på kino.
Det kryr av kjekke scener. Villsvin som klør seg på treet. Redde små mus i ein stor klump med øyra på stilk. Eg ler og smiler støtt. Farlege grevlingar, snokar og hønsehaukar skaper frykt, men i den harmlause familiefilmen bikkar jakta konsekvent i favør byttedyret.
Stilen er tilgjengeleg. Musikken spreier vekselvis lett tone og spenning. Innimellom tar ein song meir plass. Når Dean Martin syng «Sway» til bileta av nøttesnutebiller som parar seg, blir eg flau.
Alle må sjå
Stilen i filming og spenningskurve er kjend frå naturseriane til BBC, men den store styrken til filmen er det klare fokuset. Den strenge avgrensinga gjev eit større bilete, nett fordi ein får sjå kor mykje som skjer, og kor mange som er avhengige av dette eine treet.
Nokon bør binda fast Statens vegvesen i kinosetet og tvinga dei til å sjå kva tap av habitat betyr. Fråværet av forklaringar gjer at ein får vekt viljen til å læra og fordjupe seg i kven alle dei små og store krabatane er. Har vi ikkje slike her? Ein får lyst til å gå ut i naturen og å lesa om artsmangfald i kjende trakter. Utan tale eller tekst er dette eit ekte lågterskeltilbod. Eiketreet passar for alle frå fødestova til dødsleiet. Eg vonar denne filmen får eit langt liv på kino, i klasserom og på aldersheimar.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.