Livet etter Døden i Venedig
Verdens vakreste gutt deler for lite.
Björn Andrésen fekk rolla som Tadzio i filmen til Luchino Visconti då han var 15 år.
Foto frå filmen
Dokumentar
Regi: Kristina Lindström, Kristian Petri
Verdens vakreste gutt (Orig.tittel: Världens vackraste pojke)
Med: Björn Andrésen og folk i livet hans
Som 15-åring får Björn rolla som Tadzio i Luchino Viscontis Døden i Venedig (1971). Å vera teken ut fordi han er så vakker, skal henga ved han resten av livet – trur eg.
Lukka
Det einaste eigentleg nemneverdige Björn Andrésen har gjort i livet, er denne filmrolla, ei rolle han knapt spela i, så mykje som var til stades i. Han har ingen replikkar, han er rett og slett eit pent fjes som vert forguda av menn verda rundt.
Det ligg stadige insinuasjonar om halvlurvete motivasjonar frå homofile Visconti si side her, og miljøet den unge svenske guten brått vart introdusert for.
Men kva førte eigentleg til at verdas vakraste gut vart redusert til ein trygda, forknytt gamal mann?
Knapp
Det vert introdusert nye rollefigurar – ei bestemor som tok styringa etter at mora forsvann, ein kjærast som hjelper han med å unngå å verta kasta ut av heimen sin, og ei dotter som han har hatt sporadisk kontakt med. Men ingen av dei får særleg mykje plass ut frå kor essensielle dei er, og kor mykje informasjon dei kan sitja på.
Bjørn sjølv er knapp med kva han deler, og det er hans rett, men då burde filmskaparane vurdert forteljarstemme eller eit anna verkemiddel, for her kjennest det i stor grad som spekuleringar og halvkvedne forsøk på å psykologisera. Å trekke inn ein psykolog ville vore interessant. I staden vert det ein slags mimretur der den som skal mimra, ikkje hadde så lyst likevel.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Dokumentar
Regi: Kristina Lindström, Kristian Petri
Verdens vakreste gutt (Orig.tittel: Världens vackraste pojke)
Med: Björn Andrésen og folk i livet hans
Som 15-åring får Björn rolla som Tadzio i Luchino Viscontis Døden i Venedig (1971). Å vera teken ut fordi han er så vakker, skal henga ved han resten av livet – trur eg.
Lukka
Det einaste eigentleg nemneverdige Björn Andrésen har gjort i livet, er denne filmrolla, ei rolle han knapt spela i, så mykje som var til stades i. Han har ingen replikkar, han er rett og slett eit pent fjes som vert forguda av menn verda rundt.
Det ligg stadige insinuasjonar om halvlurvete motivasjonar frå homofile Visconti si side her, og miljøet den unge svenske guten brått vart introdusert for.
Men kva førte eigentleg til at verdas vakraste gut vart redusert til ein trygda, forknytt gamal mann?
Knapp
Det vert introdusert nye rollefigurar – ei bestemor som tok styringa etter at mora forsvann, ein kjærast som hjelper han med å unngå å verta kasta ut av heimen sin, og ei dotter som han har hatt sporadisk kontakt med. Men ingen av dei får særleg mykje plass ut frå kor essensielle dei er, og kor mykje informasjon dei kan sitja på.
Bjørn sjølv er knapp med kva han deler, og det er hans rett, men då burde filmskaparane vurdert forteljarstemme eller eit anna verkemiddel, for her kjennest det i stor grad som spekuleringar og halvkvedne forsøk på å psykologisera. Å trekke inn ein psykolog ville vore interessant. I staden vert det ein slags mimretur der den som skal mimra, ikkje hadde så lyst likevel.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.