JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Livet er å plystre

Rumensk korrupsjon møter spansk mafia i ein fin film noir med forviklingar og herleg humor.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Filmen vart nominert til Gullpalmen på filmfestivalen i Cannes i år. Gilda vert spelt av Catrinel Marlon.

Foto: Another World Entertainment

2567
20201204
2567
20201204

KRIM / KOMEDIE

Regi: Corneliu Porumboiu

The Whistlers (Orig.tittel: La Gomera)

Med: Vlad Ivanov, Catrinel Marlon, Agustí Villaronga
Kinofilm

Den rumenske politimannen Cristi (Ivanov) kjem i land på La Gomera, ei slåande vakker naboøy til Tenerife. Her introduserer Gilda (Marlon) frå heimlandet han for kanariske kriminelle av høg klasse.

Dei skal lære han det Unesco-oppførte plystrespråket silbo gomero, som er eigna for kommunikasjon over hovudet på mindre korrupte politifolk. Klipp til Bucuresti, overvakingskamera, pengevask og komplisert balansekunst for Cristi.

Rollespel

Den nye filmen til Corneliu Porumboiu er ikkje ein thriller, slik kinosidene hevdar. Krimkomedie er meir korrekt. Med Porumboiu er alltid humoren med.

No hyllar han film noir og leikar seg med referansar. Cristi er antihelten som rotar med rolla som lovens arm. Gilda er den obligatoriske femme fatale, men blendar kanskje publikum like mykje som spanarane. Dei som trur Catrinel Marlon har rolla berre til pynt, tar feil. Ho er god.

Filmen er delt i sekvensar som har tittel etter figurane, der tidslinene blir fletta saman. Det gjeld å henge med for å vite kven som lurar kven. Alle har pokerfjes.

Heilstøypte Vlad Ivanov i hovudrolla er reine institusjonen i den evigvarande rumenske filmbølgja. Skodespelarane har stilfullt små fakter. Spanske Agustí Villaronga syner meir subtile takter som skodespelar enn han har gjort som regissør.

Sjangerslalåm

The Whistlers er stillfaren og storslagen samstundes. Klippen gjev tempo. Lydsporet vekslar mellom mektig opera og knyst stille.

Etter energiske Iggy Pop i opninga blir både Tsjajkovskij, Mozart og Johann Strauss brukte presist og vittig. Foto er flott og glatt. Brodden er ikkje like slåande som i den freidige historiske komedien Hvor var du egentlig? (2006), men filmskaparen er til å kjenne igjen.

Etter smålåten realisme og heimespøta moro har Porumboiu fått midlar til å leike seg i ein internasjonal produksjon. Det verkar som han kosar seg, og spøker like mykje med produksjonstilhøve som med filmhistorie og det korrupsjonsplaga rumenske samfunnet. Han lukkast med sjangerleiken mellom krim, thriller og komedie.

The Whistlers er humor og hjernetrim av høg kvalitet som fortener stort lerret og kinolyd.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dei som trur Catrinel Marlon har rolla berre til pynt, tar feil. Ho er god.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis