Film

Leve filmen!

CANNES: Den storslagne feiringa av film i Cannes byr på nye og gamle filmfolk av høg rang og rik breidde.

Onsdag låg Pedro Almodóvar (nr. 4 f.v.) best an på kritikarbarometeret i hovudkonkurransen på filmfestivalen i Cannes. Med seg på biletet har han Leonardo Sbaraglia (t.v.), Asier Etxeandia, Penelope Cruz, Antonio Banderas og Nora Navas.
Onsdag låg Pedro Almodóvar (nr. 4 f.v.) best an på kritikarbarometeret i hovudkonkurransen på filmfestivalen i Cannes. Med seg på biletet har han Leonardo Sbaraglia (t.v.), Asier Etxeandia, Penelope Cruz, Antonio Banderas og Nora Navas.
Publisert

I skrivande stund leiar ringreven Pedro Almodóvar kritikarbarometeret for hovudkonkurransen i Cannes. Etter den dørgande keisame Julieta har spanjolen laga ein meir personleg film enn nokon gong i Dolor y gloria (Smerte og ære). Antonio Banderas gjer ei solid rolle som filmskapar med helseproblem og historier som minner om regissøren sjølv. Heldigvis er filmen smart og mindre irriterande enn sjølvsentrerte metafilmar kan bli. Likevel har han ikkje laga den finaste spanske filmen på festivalen. Det har galisiske Oliver Laxe gjort med O que arde (Det som brenn), ei hylling til naturen med nydelege og brutale bilete frå Galicia. Han vann sist Kritikarveka med magiske Mimosas frå Marokko.

Arvingar

Brasilianske Kleber Mendonça Filho hadde òg suksess sist i Cannes med herlege Aquarius. Hans Bucarau blandar western og science fiction på ein måte som er heilt tydeleg inspirert av filmbølgja cinema novo og rebelske kolonimaktkritiske filmar under sist diktatur, av typen Como Era Gostoso o Meu Francês (Så godt franskmannen min smakte) av Nelson Pereira dos Santos. Bucarau har klare referansar til historiske opprør i Brasil og er eit stilsikkert rop om motstand i dag. Kinesiske Diao Yinan kjenner òg si filmhistorie. Hans Nan fang che zhan de ju hui (Den ville gåsesjøen) er ein film noirmed fleire utrulege scener, som kollektive mopedran og masseslagsmål med neonfarga joggesko, samtidig som skuggar hintar til M av Friz Lang.

Ein spennande nykommar er Mati Diop, som blir presentert som første svarte kvinne i hovudkonkurransen. I senegalesiske Atlantique skildrar ho dårlege arbeidsforhold, djinnar, emigrasjon og feminint fellesskap i Dakar, alt pakka inn i eit stødig og fantasifullt filmspråk som viser at ho har sett den senegalesiske klassikaren Touki Bouki av onkelen Djibril Diop Mambety.

Nye stemmer

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement