Film
Leik som funkar
Alle funksjonsvariantar lever som rockestjerner i denne vittige westernmusikalen.
Ordføraren i Megatown (Elise Lindaas) med assistenten (Linda Veberg Lund).
Foto: Tickgarden
Ein mangfaldig gjeng nyt dagane i Megatown, der alle støtt syng søtt, takk vere magiske urter. Så dukkar skurkar opp for å stele det grøne gullet. Ein slakk sheriff, helten Hero og ei uventa modig forelska frøken lyt til pers.
Normcore
Skodespelarane i Megatown er frå Megabandet, eit band frå Drammen som etter eiga utsegn er eit tilbod for utviklingshemma med over 60 medlemmar. Filmen er ifølgje produsentane unik i at alle dei berande rollene er spelte av folk med ei eller anna funksjonsnedsetting.
Historia er som ein standard western, krydra med romantikk og komikk. Musikken av Dissimilis-guru Øystein Remme er enkel og fengjande i køntritradisjon. Songane kjem tett.
Elles lirar folk replikkar av seg med klar tale og glimt i auga. Linjene vekslar mellom det naivt trauste og det overrumplande morosame, gjerne med ein solid dose sjølvironi. Humoren er underfundig. «Å, det er fyrste gongen nokon har omtala meg som normal», seier ein kar. Bøddelen John Blund er sliten av å ta livet av folk. Han orsakar at reipet er ruglete og slår av ein spøk i ånda til Monty Python.
Freaks
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.